Salmenes bok 11
1 Til songmeisteren; av David. Til Herren flyr eg inn; kor kann de då segja til mi sjel: Fly til dykkar fjell som ein fugl?
2 For sjå, dei ugudlege spenner bogen, dei legg si pil på strengen og vil skjota i myrkret på dei ærlege i hjarta.
3 Når grunnvollane vert nedrivne, kva kann då den rettferdige gjera?
4 Herren er i sitt heilage tempel, Herrens kongsstol er i himmelen, hans augo skodar, ein blink av hans augo prøver mannsborni.
5 Herren prøver den rettferdige; men den ugudlege og den som elskar vald, hatar hans sjel.
6 Han let snaror regna ned på dei ugudlege; eld og svovel og glodheit vind vert dei tilmælt i deira staup.
7 For Herren er rettferdig, han elskar rettferd; på den ærlege ser hans åsyn.