Salmenes bok 109
1 Til songmeisteren; av David, ein salme. Min lovsongs Gud, teg ikkje!
2 For dei hev late upp sin ugudlege og falske munn imot meg, dei hev tala med meg med ljugartunga.
3 Med hatfulle ord hev dei kringsett meg og ført strid imot meg utan årsak.
4 Til løn for min kjærleik stod dei imot meg, endå eg berre bed.
5 Dei la vondt yver meg til løn for godt og hat til løn for min kjærleik.
6 Set ein ugudleg yver han, og lat ein klagar standa ved hans høgre hand!
7 Når han vert dømd, so lat han ganga skuldig ut, og lat hans bøn verta til synd!
8 Lat hans dagar verta få, lat ein annan få hans embete!
9 Lat hans born verta farlause og kona hans enkja,
10 og lat hans born flakka ikring og beda seg, lat dei ganga som tiggarar frå sine øydelagde heimar!
11 Lat okerkaren kasta garn ut etter all hans eigedom, og framande rana det han hev streva i hop!
12 Lat han ikkje finna nokon som hyser miskunn imot han, og lat ingen ynkast yver hans farlause born!
13 Lat hans framtid verta avskori, deira namn verta utstroke i andre ættleden!
14 Hans fedra misgjerning vere i minne hjå Herren, og syndi åt mor hans verte ikkje utstroki!
15 Dei vere alltid for Herrens augo, og han rydje deira minne ut av jordi,
16 av di han ikkje kom i hug å gjera miskunn, men forfylgde ein mann som var fatig og arm og sorgfull i hjarta, og vilde drepa han.
17 Han elska forbanning, og ho kom yver han; han lika ikkje velsigning, og ho heldt seg langt burte frå han;
18 han klædde seg i forbanning som sin klædnad, og ho trengde som vatn inn i hans liv og som olje i hans bein.
19 Lat henne vera han til ei kåpa som han sveiper seg i, og til eit belte som han alltid bind um seg!
20 Dette vere løni som Herren gjev mine motstandarar og dei som talar vondt imot mi sjel!
21 Og du, Herre, Herre, gjer vel imot meg for ditt namn skuld! Etter som di miskunn er god, so berga meg!
22 For arm og fatig er eg, og mitt hjarta er gjenomstunge i meg.
23 Som ein skugge, når han lengjest, kverv eg burt; eg vert jaga burt som ein grashopp.
24 Mine kne er ustøde av fasta, og holdet skrøkk og misser feita.
25 Og eg hev vorte til spott for dei; når dei ser meg, rister dei på hovudet.
26 Hjelp meg, Herre min Gud, frels meg etter di miskunn,
27 so dei må kjenna at dette er di hand, at du, Herre, hev gjort det!
28 Dei forbannar, men du velsignar; dei stend upp, men vert skjemde, og din tenar gled seg.
29 Mine motstandarar skal klæda seg i skjemsla og sveipa seg i si skam som i ei kåpa.
30 Eg vil takka Herren storleg med min munn, og midt imillom mange vil eg lova han;
31 for han stend på høgre sida åt den fatige og vil frelsa han frå dei som dømer hans sjel.