Salmenes bok 108
1 Ein song, ein salme av David.
2 Mitt hjarta er roleg, Gud! Eg vil syngja og lovsyngja, ja, det skal mi æra*.
3 Vakna, harpa og citar! Eg vil vekkja morgonroden.
4 Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.
5 For di miskunn er stor yver himmelen, og din truskap til dei høge skyer.
6 Gud, syn deg høg yver himmelen, og di æra yver heile jordi!
7 For at dei du elskar må verta frelste, so hjelp med di høgre hand og bønhøyr oss!
8 Gud hev tala i sin heilagdom. Eg vil fagna meg; eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.
9 Meg høyrer Gilead til, meg høyrer Manasse til, og Efra'im er vern for mitt hovud, Juda er min styrarstav.
10 Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg skoen min, for Filistar-land set eg i med fagnadrop.
11 Kven vil føra meg til den faste byen? Kven leider meg til Edom?
12 Er det ikkje du, Gud, du som støytte oss burt, du, Gud, som ikkje drog ut med våre herar?
13 Gjev oss hjelp mot fienden! for mannehjelp er fåfengd.
14 Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal trakka ned våre fiendar.