Salmenes bok 107
1 Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg.
2 So segjer Herrens utløyste, dei som han hev løyst ut or naudi,
3 og som han hev sanka i hop frå landi, frå aust og frå vest, frå nord og på havet.
4 Dei for vilt i øydemarki, i veglause heidi, dei fann ingen by til å bu i.
5 Svoltne og tyrste var dei, deira sjel ormektast i dei.
6 Då ropa dei til Herren i si naud; or deira trengslor fria han dei ut,
7 og han førde dei på rett veg, so dei gjekk til ein by dei kunde bu i.
8 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot mannsborni;
9 for han metta den sjel som vilde ormektast, og den hungrige sjel fyllte han med godt.
10 Dei sat i myrker og daudeskugge, bundne i stakkarsdom og jarn,
11 av di dei hadde trassa mot Guds ord og vanvyrdt rådene åt den Høgste.
12 Og han bøygde deira hjarto med liding; dei snåva, og der var ingen hjelpar.
13 Då ropa dei til Herren i si naud; or deira trengslor frelste han dei.
14 Han førde dei ut or myrker og daudeskugge, og deira band reiv han sund.
15 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot mannsborni;
16 for han krasa koparportar og hogg sund jarnbommar.
17 Dei var dårar og vart plaga for sin brotsveg og for sine misgjerningar;
18 all mat baud deira sjel imot, og dei kom nær til daudens portar.
19 Då ropa dei til Herren i si naud; or deira trengslor frelste han dei.
20 Han sende sitt ord og lækte dei og berga dei frå deira graver.
21 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot mannsborni
22 og ofra takkoffer og fortelja um hans verk med fagnad.
23 Dei som for ut på havet med skip, som dreiv handel på store vatn,
24 dei såg Herrens gjerningar og hans underverk på djupet.
25 Han tala og let det koma ein stormvind, og den reiste havsens bylgjor.
26 Dei for upp imot himmelen, dei for ned i djupet, deira sjel miste modet i ulukka.
27 Dei raga og tumla som drukne, og all deira visdom vart til inkjes.
28 Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor førde han dei ut.
29 Han let storm verta til stilla, og bylgjone kringum dei tagna.
30 Og dei vart glade då det stilna; og han førde dei til den hamni dei ynskte.
31 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot mannsborni
32 og høglova han når folket er samla, og lovsyngja han der som dei gamle sit.
33 Han gjorde elvar til ei øydemark, og vasskjeldor til eit turrlende,
34 grøderikt land til ei saltheid for deira vondskap skuld som budde der.
35 Han gjorde øydemark til ein vassrik sjø og turrlende til vasskjeldor*.
36 Og han let dei svoltne bu der, og dei bygde ein by til å bu i.
37 Og dei sådde åkrar og planta vinhagar, og dei fekk den grøda dei bar.
38 Og han velsigna dei, og dei auka mykje, og av fe gav han dei ikkje lite.
39 So minka dei att og vart nedbøygde av trengsla og ulukka og sorg.
40 Han som renner ut vanvyrdnad yver hovdingar og let dei villast i veglaus øydemark,
41 han lyfte upp den fatige or vesaldomen og auka ættene som ei hjord.
42 Dei ærlege ser det og gleder seg, og all vondskap let att sin munn.
43 Den som er vis, han gjeve gaum etter dette og merke Herrens nådegjerningar!