Salmenes bok 106
1 Halleluja! Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg.
2 Kven kann fullt ut nemna Herrens veldige verk, forkynna alt hans lov?
3 Sæle er dei som tek vare på det som rett er, den som gjer rettferd til kvar tid!
4 Herre, kom meg i hug med den godhug du hev for ditt folk, sjå til meg med di frelsa,
5 so eg kann skoda lukka åt dine utvalde, gleda meg med ditt folks gleda, rosa meg med din arv!
6 Me hev synda med våre feder, me hev gjort ille, me hev vore ugudlege.
7 Våre feder i Egyptar-land akta ikkje på dine under, dei kom ikkje i hug dine mange nådegjerningar, men var trassige ved havet, ved Raudehavet.
8 Men endå frelste han dei for sitt namn skuld, av di han vilde kunngjera si makt,
9 og han truga Raudehavet so det vart turt, og han let dei ganga gjenom djupi som gjenom ei øydemark,
10 og han frelste dei or hans hand som hata dei, og løyste dei ut or fiendehand,
11 og vatnet gøymde deira motstandarar, ikkje ein vart att av dei.
12 Då trudde dei på ordi hans, då song dei hans lov.
13 Men snart gløymde dei hans gjerningar, dei bia ikkje på hans råd;
14 men dei fekk ei fysa i seg i øydemarki, og dei freista Gud på den ubygde staden.
15 Då gav han dei det dei vilde hava, men sende tærande sjukdom yver deira liv.
16 Og dei vart ovundsjuke på Moses i lægret, på Aron, Herrens heilage.
17 Då opna jordi seg og gløypte Datan, og ho let seg att yver flokken åt Abiram,
18 og det kveiktest eld på flokken deira, ein loge brende upp dei ugudlege.
19 Dei gjorde ein kalv ved Horeb og tilbad eit støypt bilete,
20 og dei bytte burt si æra* for biletet av ein ukse, som et gras.
21 Dei gløymde Gud, sin frelsar, som hadde gjort store ting i Egyptar-land,
22 undergjerningar i Kams land, skræmelege ting ved Raudehavet.
23 Og han tenktest til å tyna dei, dersom ikkje Moses, hans utvalde, hadde kasta seg imillom for hans åsyn til å avvenda hans vreide, so han ikkje skulde øydeleggja dei.
24 Og dei vanvyrde det herlege landet, dei trudde ikkje ordet hans,
25 og dei mukka i sine tjeld, dei høyrde ikkje på Herrens røyst.
26 Då lyfte han si hand og svor at han vilde slå dei ned i øydemarki
27 og slå deira etterkomarar ned millom heidningane og spreida dei kring i landi.
28 Og dei tydde seg til Ba'al-Peor og åt av offer til dei daude*,
29 og dei vekte harm ved si åtferd, og ei sott braut inn millom dei.
30 Då stod Pinehas fram og heldt dom, og sotti stana;
31 og det vart rekna han til rettferd frå ætt til ætt æveleg.
32 Og dei vekte vreide ved Meriba-vatnet, og det gjekk Moses ille for deira skuld;
33 for dei var trassige mot hans* Ande, og han tala tankelaust med sine lippor.
34 Dei øydela ikkje dei folki som Herren hadde tala med dei um,
35 men dei blanda seg med heidningane og lærde deira gjerningar,
36 og dei tente deira avgudar, og desse vart til ei snara for dei,
37 og dei ofra sine søner og døtter til maktene*,
38 og dei rende ut skuldlaust blod, blod av sine søner og døtter, som dei ofra til Kana'ans avgudar, og landet vart vanhelga med blod.
39 Dei vart ureine ved sine gjerningar og dreiv hor ved si åtferd.
40 Då loga Herrens vreide upp imot hans folk og han stygdest ved sin arv.
41 Og han gav dei i hendene på heidningar, og dei som hata dei, vart herrar yver dei,
42 og deira fiendar trengde dei, og dei laut bøygja seg under deira hand.
43 Mange gonger fria han dei ut, men dei var trassige og sjølvrådige, og dei kom reint i vesaldom for si misgjerning.
44 Og han såg til dei når dei var i naud, med di han høyrde deira klagerop.
45 Og i sin godleik mot dei kom han i hug si pakt, og han ynkast etter si store miskunn,
46 og han let dei finna miskunn hjå alle som hadde fanga dei.
47 Frels oss, Herre vår Gud, og samla oss frå heidningane, so me fær prisa ditt heilage namn, rosa oss av di me kann prisa deg!
48 Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Og alt folket segjer: Amen. Halleluja!