Salmenes bok 105
1 Prisa Herren, kalla på hans namn! Kunngjer millom folkeslagi hans storverk!
2 Syng for han, syng han lov, grunda på alle hans under!
3 Rosa dykk av hans heilage namn! Hjarta glede seg hjå dei som søkjer Herren!
4 Spør etter Herren og hans makt, søk hans åsyn alltid!
5 Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn,
6 de, etterkomarar av Abraham, hans tenar, born åt Jakob, hans utvalde!
7 Han er Herren, vår Gud, yver all jordi gjeng hans domar.
8 Han kjem æveleg i hug si pakt, det ordet han sette fast for tusund ætter,
9 den pakti han gjorde med Abraham, og sin eid til Isak;
10 og han gjorde henne til ein rett for Jakob, ei æveleg pakt for Israel,
11 med di han sa: Deg vil eg gjeva Kana'ans-landet til arvlut.
12 Då dei var ein liten flokk, få og framande der,
13 og vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk,
14 let han ingen mann få gjera valdsverk mot dei, og han reiste kongar for deira skuld:
15 Rør ikkje dei eg hev salva, og gjer ikkje mine profetar noko til meins!
16 Og han kalla hunger inn yver landet, kvar studnad av brød* braut han sund.
17 Han sende ein mann fyre dei, til træl vart Josef seld.
18 Dei plaga hans føter med lekkjor, hans sjel vart lagd i jarn*,
19 til den tid då hans ord slo til, då Herrens ord viste at han var skuldlaus.
20 Då sende kongen bod og løyste han, han som rådde yver folkeslag, gav han fri.
21 Han sette han til herre yver sitt hus, til å råda yver all hans eigedom,
22 so han skulde binda hans hovdingar etter sin vilje og læra hans eldste visdom.
23 So kom Israel til Egyptar-land, og Jakob budde som gjest i Kams land.
24 Og han* let folket sitt aukast mykje og gjorde det sterkare enn fiendane.
25 Deira hjarto vende han um, so dei hata hans folk og for med svik mot hans tenarar.
26 Han sende Moses, sin tenar, Aron som han hadde valt ut.
27 Dei gjorde hans teikn imillom dei og under i Kams land.
28 Han sende myrker og gjorde det myrkt, og dei var ikkje ulydige imot hans ord.
29 Han gjorde vatni deira til blod, og han drap deira fiskar.
30 Det urde med frosk i landet deira, jamvel i salane åt deira kongar.
31 Han tala, og det kom flugesvermar, my i heile landet deira.
32 Han gav dei hagl for regn, logande eld i landet deira,
33 og han slo ned deira vintre og fiketre, og braut trei sund i landet deira.
34 Han tala, og det kom engsprettor og gnagarar* i uteljande mengd,
35 og dei åt upp all groe i deira land, og dei åt upp grøda på marki deira.
36 Og han slo alt fyrstefødt i landet deira, fyrstegrøda av all deira kraft.
37 Og han førde dei ut med sylv og gull, og det var ingen i hans ætter som snåva.
38 Egyptar-land gledde seg då dei drog ut; for redsla for dei hadde falle yver dei.
39 Han breidde ut ei sky til skygge og eld til å lysa um natti.
40 Dei kravde, og han let enghønor koma, og med himmelbrød metta han dei.
41 Han opna berget, og vatn rann ut; det gjekk som ei elv gjenom turrlendet.
42 For han kom i hug sitt heilage ord, Abraham, sin tenar,
43 og han førde sitt folk ut med gleda, sine utvalde med fagnadrop,
44 og han gav dei landi åt heidningfolk, og det som folkeslag hadde vunne med møda, eigna dei til seg,
45 so dei skulde halda hans fyresegner og taka vare på hans lover. Halleluja!