«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 103

1  Av David. Lova Herren, mi sjel, og alt som i meg er, love hans heilage hamn!

2  Lova Herren, mi sjel, og gløym ikkje alle hans velgjerningar!

3  Han som tilgjev all di skuld, som lækjer alle dine sjukdomar,

4  han som løyser ditt liv frå gravi, han som kryner deg med nåde og miskunn,

5  han som mettar di sjel* med det som godt er, so du vert ung att som ørnen**.

6  Herren gjer rettferdsverk og rett mot alle som er trælka.

7  Han kunngjorde sine vegar for Moses, sine gjerningar for Israels born.

8  Miskunnsam og nådig er Herren, langmodig og rik på miskunn.

9  Han trettar ikkje alltid og gøymer ikkje æveleg på vreide.

10  Han gjer ikkje med oss etter våre synder og gjev oss ikkje det me er verde for våre misgjerningar.

11  For so høg som himmelen er yver jordi, so er hans miskunn veldig yver dei som ottast han.

12  So langt som aust er frå vest, let han våre misgjerningar vera burte frå oss.

13  Som ein far miskunnar borni sine, so miskunnar Herren dei som ottast han.

14  For han veit kva slag skapning me er, han kjem i hug at me er dust.

15  Eit menneske, som graset er hans dagar; som blomen på marki, soleis blømer han.

16  Når vinden fer yver han, er han ikkje meir, og staden hans veit ikkje meir av han.

17  Men Herrens miskunn er frå æva og til æva yver dei som ottast han, og hans rettferd er mot barneborn,

18  mot dei som held hans pakt, og som kjem i hug hans fyresegner, so dei lever etter dei.

19  Herren hev reist sin kongsstol i himmelen, og hans rike råder yver alle ting.

20  Lova Herren, de hans englar, de veldige kjempor, som set hans ord i verk, med di de lyder røysti av hans ord!

21  Lova Herren, alle hans herar, de hans tenarar som gjer hans vilje!

22  Lova Herren, alle hans verk, på alle stader i hans rike! Lova Herren mi sjel!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23