«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 102

1  Bøn av ein arming, når han ormektast og let sitt klagemål strøyma fram for Herren.

2  Herre, høyr mi bøn, og lat mitt rop koma fram til deg!

3  Løyn ikkje ditt andlet for meg den dagen eg er i naud! Halla øyra ditt til meg! Den dagen eg ropar, svara meg snart!

4  For dagane mine hev fare burt som ein røyk, og mine bein er brende som ein brand.

5  Mitt hjarta er solstukke som gras og uppturka; for eg hev gløymt å eta brødet mitt.

6  For mi høgmælte stynjing skuld heng beini fast ved kjøtet mitt.

7  Eg likjest pelikanen i øydemarki, eg er som ula på aude stader.

8  Eg ligg vaken og er vorten som ein einsleg fugl på taket.

9  Heile dagen spottar mine fiendar meg; dei som reint er ville mot meg, sver ved meg*.

10  For eg et oska som brød, og drykken min blandar eg med gråt

11  for din vreide og din harm skuld; for du hev lyft meg upp og kasta meg burt.

12  Mine dagar er som ein skugge når han lengjest, og sjølv visnar eg som gras.

13  Men du, Herre, tronar i all æva, og ditt minne varer frå ætt til ætt.

14  Du vil standa upp, du vil miskunna Sion; for det er tid til å vera nådig mot henne, ja, timen er komen.

15  For dine tenarar hev godhug for steinane hennar, og dei ynkast yver hennar grus.

16  Og heidningane skal ottast Herrens namn, og alle kongar på jordi din herlegdom.

17  For Herren hev bygt upp att Sion, han hev synt seg i sin herlegdom.

18  Han hev vendt seg til bøni frå dei hjelpelause, og han hev ikkje vanvyrdt deira bøn.

19  Dette skal verta uppskrive for den komande ætti, og det folket som vert skapt, skal lova Herren.

20  For han hev set ned frå sit heilage høgd, Herren hev frå himmelen skoda ned på jordi

21  og vil høyra sukken frå den bundne og løysa daudens born,

22  so dei i Sion skal forkynna Herrens namn og hans pris i Jerusalem,

23  når folkeslag og kongerike kjem i hop og vil tena Herren.

24  Han hev bøygt mi kraft på vegen, han hev korta av mine dagar.

25  Eg segjer: Min Gud, tak meg ikkje burt midt i mine dagar! Frå ætt til ætt varer dine år.

26  Fordom grunnfeste du jordi, og himlane er verk av dine hender.

27  Dei skal forgangast, men du stend; alle skal dei eldast som eit klæde, som ein klædnad skifter du dei, og dei vert umskifte;

28  men du er den same, og dine år tek aldri ende.

29  Borni åt dine tenarar skal bu i ro, og deira avkjøme skal standa trygt for di åsyn.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23