«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 101

1  Av David; ein salme. Um miskunn og rett vil eg syngja; deg, Herre, vil eg lova.

2  Eg vil akta på vegen den ulastande gjeng - når kjem du til meg? Eg vil ferdast i mitt hjartans uskyld i mitt hus.

3  Eg vil ikkje setja meg fyre noko nidingsverk; å gjera misgjerd hatar eg, slikt skal ikkje hanga ved meg.

4  Eit rangsnutt hjarta skal vika frå meg, den vonde vil eg ikkje vita av.

5  Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; den som hev stolte augo og eit ovmodigt hjarta, kann eg ikkje tola.

6  Mine augo ser etter dei gudlege i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som ferdast på vegen åt den ulastande, han skal tena meg.

7  I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine.

8  Kvar morgon vil eg tyna alle ugudlege i landet, so eg kann rydja ut or Herrens by alle ugjerningsmenner.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23