«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 1

1  Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar,

2  men som hev si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.

3  Han er lik eit tre som er planta ved rennande bekker, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med.

4  Ikkje so er det med dei ugudlege; men dei er lik agner, som vinden føykjer burt.

5  Difor skal dei ugudlege ikkje standa seg i domen, og syndarar ikkje i samlingi av dei rettferdige.

6  For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23