«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 9

1  Visdomsmøyi hev bygt seg hus, ho hev hogge til sine sju stolpar.

2  Ho hev slakta sitt slakt og blanda sin vin og attåt duka sitt bord;

3  ho hev sendt ut sine ternor, ho ropar ovantil haugane i byen:

4  Den som er fåkunnig, vende seg hit! Til den som er vitlaus, segjer ho:

5  Kom og et av mitt brød og drikk av den vin eg hev blanda!

6  Lat dykkar fåkunna fara, so skal de leva, og gakk beint fram på vegen åt vitet!

7  Den som refser ein spottar, avlar seg vanæra, og den som lastar ein gudlaus, fær skam av det.

8  Lasta ikkje spottaren, han vil hata deg! Lasta den vise, han vil elska deg.

9  Lær den vise, so vert han endå visare; lær den rettferdige, so gjeng han fram i lærdom.

10  Otte for Herren er upphav til visdom, og å kjenna den Heilage er vit.

11  For ved meg skal dine dagar aukast, og leveår fær du i rikt mål.

12  Er du vis, so gagnar det deg sjølv, og er du ein spottar, lyt du lida for det åleine.

13  Dårskapen er ei kvinna so vill, ho eig ikkje vit, og ingen ting veit ho.

14  Ho sit utfor husdøri si på ein stol høgt uppe i byen

15  og ropar til dei som ferdast på vegen, som gjeng sine stigar beint fram:

16  Den som er fåkunnig, vende seg hit! Til den som er vitlaus, segjer ho:

17  Stole vatn er søtt, og brød som vert ete i løynd, smakar godt.

18  Men han veit ikkje at der bur daudingane, at hennar gjester er i helheims djup.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23