«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 8

1  Høyr, visdomsmøyi ropar, og vitet les røysti si ljoma.

2  Uppe på haugar ved vegen, der stigane møtest, stend ho;

3  attmed portane, der ein gjeng ut or byen, i inngangen til portane ropar ho høgt:

4  Eg ropar til dykk, de menner, og til mannsborni ljomar mi røyst.

5  De einfalde, lær dykk klokskap, og de dårar, vinn dykk vit!

6  Høyr! Eg talar um store ting, og lippone let eg upp med rettvise ord;

7  ja, sanning talar mi tunga, og lippone styggjest ved gudløysa.

8  Alle ord i min munn er rette, det finst ikkje fult eller falskt i dei.

9  Dei er alle endeframme for den vituge og rette for dei som hev funne kunnskap.

10  Tak imot min age i staden for sylv, og kunnskap heller enn utvalt gull!

11  For visdom er betre enn perlor, og av alle skattar er ingen som den.

12  Eg, visdomen, eig klokskap, og eg veit å finna kloke råder.

13  Otte for Herren er hat til det vonde; stormod og storlæte, stygg åtferd og ein munn full av fals hatar eg.

14  Hjå meg er råd og rett skyn, eg er vit, hjå meg er styrke.

15  Eg gjer at kongar råder, og at fyrstar set lov og rett.

16  Eg gjer at styrarar styrer og hovdingar - alle domarar på jordi.

17  Eg elskar dei som elskar meg, og dei som leitar etter meg, dei finn meg.

18  Hjå meg er rikdom og æra, gamalt ervegods og rettferd.

19  Mi frukt er betre enn gull, ja skiraste gullet, og den vinning eg gjev, er betre enn utvalt sylv.

20  Eg gjeng på rettferds veg, midt på rettvise-stigar;

21  difor gjev eg dei som elskar meg, rett rikdom til arv, og deira forrådskammer fyller eg.

22  Meg skapte Herren fyrst av alle sine verk, fordom, fyrr han gjorde noko anna.

23  Frå æva hev eg vorte til, frå upphavet, fyrr jordi var.

24  Fyrr djupi var til, vart eg fødd, fyrr det fanst kjeldor fulle med vatn.

25  Fyrr fjelli var søkkte ned, fyrr haugane vart til, vart eg fødd,

26  fyrr han hadde skapt jord og mark og den fyrste moldklump i verdi.

27  Då han bygde himmelen, var eg der, då han slo kvelv yver djupet.

28  Då han feste skyene i det høge, då han batt kjeldone i djupet,

29  då han sette grensa for havet, so vatnet ikkje gjeng lenger enn han byd, då han la grunnvollar for jordi -

30  då var eg verksmeister hjå han, og eg var til hugnad for han dag etter dag, eg leika meg stødt for hans åsyn;

31  eg leika på heile jordkringen hans og hadde min hugnad i mannsborni.

32  Og no, born, høyr på meg! Sæle er dei som held seg etter mine vegar.

33  Høyr på mi refsing og vert vise, og slepp henne ikkje ifrå dykk!

34  Sæl den mann som høyrer på meg, so han dagstødt vaker ved dørene mine og vaktar dørskiene mine!

35  For den som finn meg, finn livet og fær nåde hjå Herren.

36  Men den som ikkje finn meg, skader seg sjølv; alle som hatar meg, elskar dauden.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23