Salomos ordspråk 6
1 Son min! Hev du borga for næsten din, hev du handtekest med ein framand,
2 er du bunden ved ord av din munn, er du fanga i ord av din munn,
3 gjer då soleis, son min, og berga deg, sidan du er komen i handi på næsten din: Gakk og kasta deg ned for mannen din og gjer ågang på han,
4 unn ikkje augo dine svevn eller augneloki ein blund,
5 berga deg som eit rådyr or veidemanns-handi og som ein fugl or fangarvald!
6 Gakk til mauren, du leting, sjå hans ferd og vert vis!
7 Han hev ingen hovding eller fut eller herre,
8 men endå syter han um sumaren for mat og sankar um hausten si føda.
9 Kor lenge vil du liggja, du leting? Når vil du risa or svevnen?
10 [Du segjer:] Lat meg sova litt til, blunda litt til, leggja hendene i hop ei stund til og kvila!
11 Då kjem armodi på deg som ein farande fant og naudi som skjoldvæpna mann.
12 Ein skarv, ein illgjerningsmann er den som gjeng ikring med fals i munnen,
13 som blinkar med augo, skrapar med føtene, gjer teikn med fingrane,
14 som gjeng med meinspel i hjarta, som alltid emnar på vondt og valdar trettor.
15 Difor kjem ulukka dåtteleg på han; brått vert han krasa, og det bid ikkje lækjevon.
16 Det er seks ting som Herrens hatar, og sju er ei gru for hans sjel:
17 Storlåtne augo, ljugar-tunga, hender som renner ut skuldlaust blod,
18 eit hjarta som tenkjer upp vonde råder, føter som renner rapt til vondt,
19 den som fer med lygn og vitnar rangt, og den som valdar trettor millom brør.
20 Son min, tak vare på bodet åt far din, og kasta ikkje frå deg læra åt mor di!
21 Bitt dei alltid til hjarta ditt, knyt dei um halsen din!
22 Når du gjeng, skal dei leida deg; når du ligg, skal dei verna deg; når du vaknar, skal dei tala til deg.
23 For bodet er ei lykt og læra eit ljos, og påminningar til tukt er ein veg til livet;
24 dei kann vara deg frå vonde kvinnor, frå den sleipe tunga åt framand kvinna.
25 Ikkje trå i hjarta etter venleiken hennar, og lat henne ikkje fanga deg med augnekasti sine!
26 For skjøkja armar ut ein mann til siste brødleiv, og annanmanns kona fangar ei dyr sjel.
27 Kann nokon henta eld i fanget og ikkje brenna klædi sine?
28 Eller kann nokon ganga på glør og ikkje svida føtene?
29 So vert det med den som gjeng inn til til kona åt næsten; ingen kjem urefst frå det, um han rører henne.
30 Vert ikkje tjuven vanvyrd, når han stel og vil sløkkja svolten?
31 Og vert han teken, lyt han bøta sjufaldt; alt det han eig i sitt hus, lyt han gjeva.
32 Den som driv hor med ei kvinna, er vitlaus; den som vil tyna si sjel, han gjer slikt.
33 Hogg og skjemsla fær han, og skammi hans stryk ingen ut.
34 For mannen harmast i åbryskap, og den dag han tek hemn, sparer han ikkje;
35 han tek ikkje imot bøter og let seg ikkje blidka, um du gjev han store gåvor.