«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 5

1  Son min! Gjev ans på min visdom, lut øyra ned til mitt vit,

2  so du kann gøyma kloke råder og lippone halda på kunnskap!

3  For honning dryp av lippone på framand kvinna, og sleipare enn olje er tunga hennar,

4  men til slutt er ho beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd.

5  Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims.

6  Livsens stig vil ho ikkje ganga; ho vinglar vegvill, men veit det ikkje.

7  So høyr no på meg, mine born, og vik ikkje frå det som munnen min mæler!

8  Lat din veg vera langt frå henne, og kom ikkje nær hennar husdør!

9  Elles gjev du di pryda til andre, til ein hardstyrar dine år;

10  framande fær metta seg av di eiga, og det du hev streva i hop, kjem i annanmanns hus,

11  so du lyt stynja i di siste stund, når ditt hold og ditt kjøt tærest burt,

12  og segja: Kor kunde eg hata tukt, kor kunde hjarta mitt vanvyrda age,

13  so eg ikkje høyrde på dei som lærde meg, og ikkje lydde på dei som rettleidde meg!

14  Nær var eg komen ille i det midt i lyden som sat til tings.

15  Drikk or din eigen brunn, drikk rennande vatn or di eigi kjelda!

16  Skulde kjeldone dine fløyma på gata, bekkene dine på torgi?

17  Lat dei vera berre for deg og ikkje for framande med deg!

18  Kjelda di vere velsigna, gled deg i din ungdoms viv!

19  Elskhugs-hindi, ynde-gasella! Barmen hennar kveikje deg til kvar tid, av kjærleiken hennar vere du alltid ør!

20  Kvi skulde du, son min, vera ør av trå etter annanmanns kona og femna barmen på framand kvinna?

21  For Herren hev kvar manns vegar for augo, og han jamnar alle hans stigar.

22  Den ugudlege vert fanga i sine eigne misgjerningar, og hans eigi synd vert snaror som held han fast.

23  Han lyt døy, av di han ikkje let seg aga, og for sin store dårskap skuld tumlar han i koll.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23