Salomos ordspråk 3
1 Son min! Gløym ikkje læra mi, og lat hjarta varveitsla bodi mine!
2 For langt liv og mange leveår og fred skal dei gjeva deg i rikt mål.
3 Lat ikkje kjærleik og truskap vika frå deg, men bitt dei um halsen på deg, skriv dei på di hjartetavla!
4 Då fær Gud og menneske godhug for deg og held deg for ein mann med god vit.
5 Lit på Herren av heile ditt hjarta, og set ikkje lit til ditt vit!
6 Tenk på han på alle dine vegar! So jamnar han dine stigar.
7 Ver ikkje vis i eigne augo, ottast Herren og vik frå det vonde!
8 Det vert til helsebot for holdet ditt og kveik for beini dine.
9 Æra Herren med gåvor av eiga di og med fyrstegrøda av all di avling!
10 Då vert dine løor rikleg fyllte, og druvesafti renn yver i persone dine.
11 Son min! Vanvyrd ikkje Herrens age, og ver ikkje utolug når han refser deg!
12 For Herren agar den han elskar, som ein far agar den son han hev kjær.
13 Sæl den mann som hev funne visdom, den mann som vinn seg vit!
14 For det er betre å råda seg visdom enn sylv, og den vinning han gjev, er betre enn gull.
15 Dyrare er han enn perlor, av alle dine skattar er ingen som han.
16 Langt liv hev han i høgre handi, i vinstre rikdom og æra.
17 Hans vegar er hugnads-vegar, og alle hans stigar fører til lukka.
18 Han er eit livsens tre for dei som grip han, og alle som held han fast, lyt ein prisa sæle.
19 Herren grunnfeste jordi med visdom; han bygde himmelen med vit.
20 Ved hans kunnskap fossa vatnet or djupi, og frå skyene dryp det dogg.
21 Son min! Slepp ikkje augo av dei, tak vare på visdom og klokskap!
22 So skal dei vera liv for sjeli di og prydnad um halsen din.
23 Då vandrar du trygt din veg og støyter ikkje din fot.
24 Når du legg deg, ottast du ikkje, og når du hev lagt deg, søv du so godt.
25 Då tarv du ikkje ottast for bråstøkk, eller for uveret når det kjem yver dei ugudlege.
26 For Herren skal vera di tiltru, og han skal vara din fot frå snara.
27 Neitta ingen di hjelp som treng um henne, når det stend i di makt å hjelpa.
28 Seg ikkje til næsten din: Gakk din veg og kom att, eg skal gjeva deg i morgon - når du kann gjera det straks.
29 Legg ikkje upp meinråder mot næsten din, når han kjenner seg trygg hjå deg!
30 Tretta ikkje med nokon utan grunn, når han ikkje hev gjort deg noko vondt!
31 Ovunda ikkje ein valdsmann, og vel ikkje nokon av alle hans vegar!
32 For den falske er ein styggedom for Herren, men med dei ærlege hev han samlag.
33 Herrens forbanning er yver huset åt den gudlause, men heimen åt dei rettferdige velsignar han.
34 Gjeld det spottarar, so spottar han, men dei audmjuke gjev han nåde.
35 Vismenner erver æra, men dårer fær skam til løn.