«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 27

1  Rosa deg ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva dagen ber i fang!

2  Lat ein annan rosa deg og ikkje din eigen munn, ein framand og ikkje dine eigne lippor!

3  Stein er tung, og sand veg mykje, men tyngre enn båe er dåreharm.

4  Vreide er fælsleg, og harm er ein flaum; men kven kann standa seg mot ovund?

5  Betre er openberrleg refsing enn kjærleik som held seg duld.

6  Trugne er slag av venehand, men svikefulle uvens kyssar.

7  Den mette vandar honning, men den svoltne tykkjer alt beiskt er søtt.

8  Lik ein sporv som flyg ikring burte frå reiret sitt, er ein mann som flakkar um burte frå heimen sin.

9  Olje og røykjelse gled hjarta, so og ein ven som er vyrk og gjev ærlege råder.

10  Slepp ikkje frå deg din ven og venen åt far din, og gakk ikkje heim til bror din når du er i naud! Ein granne nær attmed er betre enn ein bror langt burte.

11  Ver vis, min son, og gled mitt hjarta, so eg kann svara den som spottar meg!

12  Den kloke ser fåren og gøymer seg; dei urøynde held fram og lyt bøta.

13  Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta han for framand kvinna skuld!

14  Den som høgmælt* signar sin ven um morgonen tidleg, han skal få det tilrekna som ei forbanning.

15  Si-drop frå taket ein regndag og ei trettekjær kvinna likjest kvarandre.

16  Den som held på henne, held på vind, og høgre handi hans triv i olje.

17  Jarn sliper jarn, og den eine mannen sliper den andre.

18  Den som aktar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, og den som er vyrk for herren sin, fær æra.

19  Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet, so finn det eine mennesket sitt hjarta att hjå hitt.

20  Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskeaugo fær aldri nok.

21  Diglen røyner sylvet og omnen gullet, og ein mann vert røynd etter det han rosar.

22  Um du støyter dåren i morteren med støytaren i hop med gryni, so vik ikkje dårskapen frå han for det.

23  Du bør vita grant korleis sauene dine ser ut; syt vel for buskapen din!

24  For velstand varer ikkje æveleg, og ikkje ei kruna frå ætt åt ætt.

25  Når høyet er burte, og håi kjem att, og fjellgras vert sanka i hop,

26  då hev du lamb til klæde og bukkar til å kjøpa deg åker for,

27  og nøgdi av geitemjølk hev du til mat for deg og ditt hus og til livsupphald for gjentone dine.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23