«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 26

1  Som snø um sumaren og regn i skurden, so høver æra for ein dåre.

2  Som sporven flaksar burt og svala flyg, so råkar ikkje grunnlaus forbanning.

3  Svepa til hesten, taum til asnet, og ris til ryggen på dårar!

4  Svara ikkje dåren etter hans dårskap, so du ikkje sjølv skal verta lik han!

5  Svara dåren etter hans dårskap, so han ikkje skal tykkja han sjølv er vis!

6  Den som sender bod med ein dåre, han høgg føtene av seg, han lyt tola låk medferd.

7  Visne heng føtene på den lame, so og ordtak i munnen på dårar.

8  Lik den som legg ein stein i slyngja, er den som gjev ein dåre æra.

9  Som klungergrein i handi på drukken mann, so er ordtak i munnen på dårar.

10  Ein meister fær alt i stand, men den som leiger ein dåre, er lik den som leiger ein som fer framum*.

11  Lik hunden som vender att til si eiga spya, er ein dåre som kjem att med dårskapen sin.

12  Ser du ein mann som tykkjer sjølv at han er vis, då er det større von for dåren enn for han.

13  Letingen segjer: Det er ei løva på vegen, ei løva i gatone.

14  Døri snur seg på gjengi, og letingen snur seg i sengi.

15  Den late stikk si hand i fatet, men idest ikkje taka henne upp til munnen att.

16  Letingen tykkjest visare vera enn sju som gjev vituge svar.

17  Lik ein som triv i øyro på framumfarande hund, er den som ryk upp i sinne for tretta som ikkje kjem han ved.

18  Lik ein galen mann som kastar brandpilar og skyt og drep,

19  er ein mann som hev svike venen sin og segjer: Eg gjorde det berre på gaman.

20  Når veden tryt, so sloknar elden, og når baktalaren er burte, stoggar tretta.

21  Som kol vert til glør, og som ved nører eld, so kveikjer kranglaren kiv.

22  Baktalar-ord er som lostemat, og dei sig ned i inste hjarta.

23  Som sylvglasering på ei leirskål er brennande lippor når hjarta er vondt.

24  Med lippone skaper ein uven seg til, men inni seg gøymer han svik.

25  Gjer han seg blidmælt, so tru han ikkje! For sju slag styggedom bur i hans hjarta.

26  Hataren dyl seg i svik, men hans vondskap ter seg i folkemugen.

27  Den som grev ei grav, skal stupa nedi, og den som velter upp ein stein, skal få han yver seg att.

28  Ei ljugar-tunga hatar dei som ho hev krasa, og den sleipe munnen valdar fall.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23