«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 23

1  Når du sit til bords med ein hovding, so akta vel på kven du hev fyre deg,

2  og set ein kniv på strupen din, i fall mathugen din er stor!

3  Fys ikkje etter hans lostemat, for det er sviksam føda!

4  Mød deg ikkje med å verta rik, sovoren klokskap skal du lata fara!

5  Når du let augo fljuga etter rikdomen, so er han kvorven. For det er visst, han gjer seg venger, radt som ein ørn som flyg til himmels.

6  Et ikkje brød hjå den ovundsame, og fys ikkje etter hans lostemat!

7  For som han tenkjer i si sjel, so er han; han segjer til deg: Et og drikk! men hjarta hans er ikkje med deg.

8  Den beten du hev ete, lyt du spy upp att, og du hev spilt dine fagre ord.

9  For øyro på dåren skal du ikkje tala, for han vanvyrder dine kloke ord!

10  Flyt ikkje gamal merkestein, og kom ikkje inn på åkrane åt farlause!

11  For deira løysingsmann er sterk, han skal føra saki deira mot deg.

12  Vend hjarta ditt til age og øyro dine til kunnskaps ord!

13  Lat ikkje guten vera utan age! Slær du han med riset, skal han ikkje døy.

14  Du slær han med riset, men du bergar sjeli hans frå helheim.

15  Son min! Er hjarta ditt vist, so skal og mitt hjarta gleda seg,

16  og eg skal fegnast i mitt inste når dine lippor talar det som rett er.

17  Lat ikkje hjarta ditt ovunda syndarar, men alltid vera ihuga for gudlegdom!

18  For då er du viss på ei framtid, og di von vert ikkje til inkjes.

19  Høyr, son min, og vert vis og lat hjarta ditt ganga beint fram på vegen!

20  Ver ikkje med millom vindrikkarar, millom dei som foret seg på kjøt!

21  For drikkaren og storetaren vert fatig, og svevn klæder mannen i fillor.

22  Høyr på far din, som gav deg livet, og vanvyrd ikkje mor di når ho vert gamal!

23  Kjøp sanning og sel henne ikkje, kjøp visdom og age og vit!

24  Far åt den rettferdige skal fegnast; den som fær ein vis son, skal få gleda av han.

25  Lat far din og mor di gleda seg, og ho som fødde deg, fegnast!

26  Son min! Gjev meg hjarta ditt, og lat dine augo lika mine vegar!

27  For skjøkja er som djupe gravi, og den framande kvinna som tronge brunnen;

28  ja, ho ligg på lur som ein ransmann, og ho aukar talet på utrue folk.

29  Kven hev sorg? Kven hev sut? Kven hev tretta? Kven hev klagemål? Kven hev sår for ingen ting? Kven hev raude augo?

30  Den som sit lenge uppe med vinen, dei som kjem og vil smaka på mjøden.

31  Sjå ikkje på vinen, kor raud han er, kor vent han blenkjer i staupet, kor lett han renn ned!

32  Sistpå sting han som ein slange og høgg som ein hoggorm;

33  augo dine ser etter framande kvinnor, og hjarta ditt talar tull og tøv;

34  du vert lik ein som søv midt ute på havet, lik ein som søv i toppen av mastri.

35  [Då segjer du:] Dei slo meg, men det gjorde ikkje vondt; dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil få tak i endå meir.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23