«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 20

1  Vinen er ein spottar, rusdrykken ein ståkar, og ingen som ragar av han, er vis.

2  Den redsla kongen vekkjer, er som løveburing; den som argar han, set livet sitt på spel.

3  Mannsens æra er å halda seg frå tretta, men kvar uviting glefser til.

4  Letingen vil ikkje pløgja um hausten; i skurdonni leitar han fåfengt etter grøda.

5  Tankane i mannsens hjarta er som djupt vatn, men ein vitug mann kann draga det upp.

6  So mange ropar høgt, kvar um sin kjærleik; men kven finn vel ein mann som er å lita på?

7  Den rettferdige ferdast ulastande; sæle er borni hans etter han.

8  Ein konge som sit i domarsætet, skil ut alt vondt med augo sine.

9  Kven kann segja: Eg hev reinsa hjarta, eg er fri frå syndi mi?

10  Tvo slag vekt og tvo slag mål er båe tvo ein styggedom for Herren.

11  Alt guten syner i si gjerd um ferdi hans vert rein og rett.

12  Øyra som høyrer, og auga som ser - Herren hev skapt dei båe tvo.

13  Elska ikkje svevn, for då vert du fatig! Lat upp augo, so fær du brød til mette.

14  Klent, klent! segjer kjøparen; men når han gjeng burt, so rosar han seg.

15  Vel finst det gull og mange perlor, men dyraste eiga er kunnige lippor.

16  Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta han for framande!

17  Søtt er for mannen det brød han hev fenge med fals, men sidan vert munnen hans full av småstein.

18  Råder fær framgang ved rådleggjing; søk då rettleiding når du fører krig!

19  Den som fer med baktale, ber løyndomar ut, og den som er lausmynt, skal du ikkje hava noko med.

20  Den som bannar far og mor, hans lampa skal slokna i kolmyrkret.

21  Ein arv som ein i fyrstningi hev rive til seg, vert på slutten utan velsigning.

22  Seg ikkje: Eg vil løna med vondt! Venta på Herren, so hjelper han deg!

23  Tvo slag lodd er ein styggedom for Herren, og den falske vekti er noko vondt.

24  Herren styrer mannsens steg; kor kann eit menneske skyna sin veg?

25  Fårleg er det for eit menneske å vigsla* eitkvart tankelaust og ikkje tenkja yver lovnaden fyrr etterpå.

26  Ein vis konge skil ut dei ugudlege og let hjulet ganga yver dei.

27  Åndi i mennesket er ei Herrens lampa; ho ransakar alle løynrom i hjarta.

28  Miskunn og sannleik er ei vakt um kongen, og han styd sin kongsstol med miskunn.

29  Ei pryda for ungdomar er deira kraft, og ei æra for dei gamle er grått hår.

30  Ei tukteråd for dei vonde er flengjor og sår og slag, som kjennest i inste hjarta.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23