«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 2

1  Son min! Tek du imot mine ord og gøymer bodi mine hjå deg,

2  so du vender øyra til visdomen og bøygjer hjarta til klokskapen,

3  ja, kallar du på skynet og ropar høgt på vitet,

4  leitar du etter det som vore det sylv, og grev som vore det løynde skattar,

5  då skal du skyna otte for Herren, og kunnskap um Gud skal du finna.

6  For Herren er den som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit.

7  Han gøymer frelsa for dei ærlege, han er ein skjold for dei som lever ulastande;

8  for han vaktar stigane åt retten og varar vegen vel for sine trugne.

9  Då skal du skyna rettferd og rett og rettvisa, ja kvar god veg.

10  For visdom skal koma i ditt hjarta, og kunnskap skal gleda di sjel;

11  ettertanke skal halda vakt yver deg, vit skal vara deg

12  og fria deg frå vonde vegar, frå folk som fer med rang tale,

13  dei som gjeng frå dei rette stigar og vil ferdast på myrke vegar,

14  som gleder seg når dei fær gjera vondt, og fegnast yver rang og vond åtferd,

15  som gjeng på krokute stigar og fylgjer range vegar.

16  Visdomen skal fria deg frå annanmanns kona, frå framand kvinna, som talar sleipe ord,

17  som hev svike sin ungdoms ven og hev gløymt si Guds-pakt;

18  for hennar hus sig ned i dauden, og ned til daudingane ber hennar vegar;

19  dei som gjeng inn til henne, kjem aldri attende, og dei når aldri livsens stigar.

20  Visdomen skal hjelpa deg til å ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der dei rettferdige ferdast;

21  for dei ærlege skal bu i landet, og dei ulastande skal verta att der,

22  men dei ugudlege skal rydjast ut or landet, og svikarane skal verta rivne burt frå det.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23