«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 16

1  Hjartans rådleggjing høyrer menneskja til, men tunga fær svaret frå Herren.

2  Ein mann tykkjer at all hans ferd er rein, men det er Herren som prøver åndene.

3  Legg verki dine på Herren, so skal tankane dine få framgang.

4  Herren hev gjort kvar ting til sitt endemål, ogso den ugudlege til refsings-dagen.

5  Kvar ovmodig er ein styggedom for Herren; du kann vera viss, ein slik mann vert ikkje urefst.

6  Med kjærleik og truskap vert misgjerning sona ut, og den som ottast Herren, held seg frå det vonde.

7  Når Herren hev hugnad i ferdi åt ein mann, lagar han det so at jamvel fiendane held fred med han.

8  Betre er lite med rettferd enn stor vinning med urett.

9  Mannsens hjarta tenkjer ut sin veg, men Herren styrer hans steg.

10  Guddoms-ord er på lippone åt kongen; hans munn skal ikkje gjera mistak når han dømer.

11  Rett vekt og rette vektskåler høyrer Herren til; alle lodd i pungen er hans verk.

12  Ugudleg åtferd er ein styggedom for kongar; for trona tryggjer ein ved rettferd.

13  Kongen likar rettferdige lippor, dei elskar den som segjer det som rett er.

14  Konge-vreide er daude-bod, men ein vismann stiller vreiden.

15  Når kongen let si åsyn lysa, er det liv, og hans godhug er som ei sky med vårregn.

16  Å vinna visdom - kor mykje betre det er enn gull! Og å vinna vit er meire verdt enn sylv.

17  Den vegen dei ærlege gjeng, er å fly frå vondt; den som aktar på sin veg, han varar sitt liv.

18  Fyre undergang gjeng ovmod, og stormod fyre fall.

19  Betre er med armingar å vera audmjuk enn å skifta herfang med ovmodige.

20  Den som aktar på ordet, skal finna lukka, og den som lit på Herren - sæl er han!

21  Den som er vis i hjarta, vert kalla vitug, og søtleik på lippone aukar lærdom.

22  Klokskap er ei livsens kjelda for dei som eig han, men dårskap er den refsing som dårar fær.

23  Vismanns hjarta gjer munnen hans vitug og legg meir og meir lærdom på lippone hans.

24  Milde ord er honningdropar, søte for sjeli og lækjedom for lekamen.

25  Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på han er vegar til dauden.

26  Vinne-kars hunger onnar for han; for munnen hans driv han fram.

27  Ein låk mann grev ei ulukkegrav, og det logar som eld på lippone hans.

28  Meinsløg mann valdar tretta, og den som baktalar, skil ven frå ven.

29  Ein valdsmann lokkar næsten sin og leider han inn på ein veg som ikkje er god.

30  Den som let augo att og vil tenkja på fals, og den som knip lippone i hop, han hev alt fullført vondt.

31  Grå hår er ei fager kruna; ho vert vunni på rettferds veg.

32  Ein tolug mann er betre enn ei kjempa, og den som styrer hugen sin, stend yver den som tek ein by.

33  Dei rister terningen i fanget, men avgjerdi kjem stødt frå Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23