Salomos ordspråk 14
1 Kvinnevisdom byggjer huset sitt, men dårskap riv det ned med hendene.
2 Den som ottast Herren, fer ærleg fram; men den som vanvyrder han, gjeng krokvegar.
3 I munnen åt dåren er ris for hans ovmod, men dei vise hev lippone sine til vern.
4 Utan uksar er krubba tom; men stute-styrken gjev rikleg vinning.
5 Eit ærleg vitne lyg ikkje, men eit falskt vitne fær med lygn.
6 Spottaren søkjer visdom, men finn han ikkje; men let vinn den vituge kunnskap.
7 Gakk burt frå ein dåre - du fann ikkje vit på lippone hans.
8 Klok manns visdom er at han skynar sin veg, men dåre-dårskapen er at dei svik seg sjølve.
9 Dårar fær spott av sitt eige skuldoffer, men millom ærlege folk råder Guds hugnad.
10 Hjarta kjenner si eigi sorg, og gleda legg ingen framand seg uppi.
11 Ugudlege folk fær sitt hus lagt i øyde, men ærlege folk ser tjeldet sitt bløma.
12 Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på han er vegar til dauden.
13 Jamvel midt i låtten kjenner hjarta vondt, og enden på gleda er sorg.
14 Av åtferdi si skal den fråfalne mettast, og ein god mann held seg burte frå han.
15 Den einfalde trur kvart ordet, men den kloke aktar på sine steg.
16 Den vise ottast og held seg frå det vonde, men dåren er ovmodig og trygg.
17 Bråsinna mann gjer dåreverk, og meinsløg mann vert hata.
18 Dei einfalde hev fenge dårskap i arv, men dei kloke fær kunnskap til kruna.
19 Dei vonde lyt bøygja seg for dei gode, og dei ugudlege ved portane åt den rettferdige.
20 Jamvel av venen sin vert fatigmann hata, men mange er dei som elskar ein rik.
21 Den som vanvyrder næsten sin, gjer synd; men sæl den som tykkjer synd i armingar!
22 Skal ikkje dei fara vilt som finn på vondt? Men miskunn og truskap timest dei som finn på godt.
23 Alt strev fører vinning med seg, men tomt svall gjev berre tap.
24 Rikdomen er for dei vise ei kruna, men dårskapen hjå dårar er alltid dårskap.
25 Eit sanningsvitne bergar liv, men den som fer med lygn, er full av svik.
26 Den som ottast Herren, hev ei borg so fast, og for hans born skal Herren vera livd.
27 Otte for Herren er ei livsens kjelda, so ein slepp undan daudesnaror.
28 Mykje folk er æra for ein konge, men folkeløysa er hovdings fall.
29 Langmodig mann hev mykje vit, men bråsinna mann syner stor dårskap.
30 Spaklyndt hjarta er lekamens liv, men ilska er ròt i beini.
31 Den som er hard med ein arming, spottar skaparen hans, men den som tykkjer synd i fatigmannen, ærar skaparen.
32 Når ulukka kjem yver den ugudlege, so stuper han; men den rettferdige er trygg når han skal døy.
33 I hjarta på den vituge held visdomen seg still, men hjå dårar ter han* seg fram.
34 Rettferd upphøgjer eit folk, men syndi er skam for folki.
35 Kongen likar godt ein klok tenar, men harmast på den som skjemmer seg ut.