«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 13

1  Ein vis son let seg aga av far sin, men ein spottar høyrer ikkje på skjenn.

2  Sjølv fær ein godt av den frukt som munnen ber, men hugen åt svikarane stend etter vald.

3  Den som aktar munnen sin, varar sitt liv; den som er lausmynt, fær seg ei ulukka.

4  Letingen lyster og fær ikkje noko, men strevsame folk fær rikleg mette.

5  Den rettferdige hatar ljugarord, men den ugudlege fer stygt og skamleg åt.

6  Rettferd varar den som lever ulastande, men gudløysa feller den som gjer synd.

7  Ein ter seg rik og eig då inkje, ein annan ter seg fatig og eig mykje.

8  Mannsens rikdom er løysepengar for livet hans, men fatigmannen er det ingen som trugar.

9  Ljoset åt dei rettferdige brenn lystigt, men lampa åt dei ugudlege sloknar.

10  Med ovmod valdar ein berre tretta, men hjå dei som tek imot råd, er visdom.

11  Lettfengen rikdom minkar, men den som sankar smått um senn, fær meir og meir.

12  Langvarig venting gjer hjarta sjukt, men uppfyllt ynske er eit livsens tre.

13  Den som vanvyrder ordet, tyner seg sjølv; men den som ottast bodet, han fær løn.

14  Vismanns læra er ei livsens kjelda, so ein slepp undan daudesnaror.

15  Godt vit gjev manntekkje, men hard er vegen som svikarar gjeng.

16  Kvar som er klok, fer fram med vit, men ein dåre briskar seg med dårskap.

17  Ein ugudleg bodberar fell i ulukka, men eit trufast sendebod er lækjedom.

18  Armod og skam fær den som viser age ifrå seg; men den som aktar på refsing, vinn æra.

19  Uppfyllt ynske er søtt for sjeli, men å halda seg frå vondt er ein styggedom for dårar.

20  Søk lag med dei vise, so vert du vis; men ille gjeng det den som er ven med dårar.

21  Ulukka forfylgjer syndarar, men rettferdige fær godt til løn.

22  Den gode let etter seg arv til barneborn, men det syndaren eig, er gøymt åt den rettferdige.

23  Fatigfolks nybrot gjev rikleg føda; men mang ein vert tynt av di han gjer urett.

24  Den som sparer riset sitt, hatar son sin; men den som elskar han, tuktar honom tidleg.

25  Den rettferdige fær eta seg mett, men dei ugudlege gjeng med magen tom.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23