«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 12

1  Den som elskar age, elskar kunnskap; men den som hatar refsing, er fåvis.

2  Den gode fær nåde hjå Herren, men den meinsløge fordømer han.

3  Gudløysa hjelper ingen mann til å standa stødt, men roti åt dei rettferdige kann ingen rikka.

4  Ei fagna kona er ei kruna for mannen sin, men eit skjemda ting er som ròt i beini hans.

5  Dei rettferdige tenkjer berre på det som rett er; dei råder som dei ugudlege legg upp, er svik.

6  Dei ugudlege talar stødt um å lura etter blod, men dei ærlege vert berga ved sin munn.

7  Dei ugudlege vert kasta i koll, og so er det ute med dei; men rettferdige folks hus stend fast.

8  Ein mann fær ros alt etter som vitet hans er, men den som hev eit rangvendt hjarta, kjem i vanvyrdnad.

9  Betre vera småmann med ein tenar enn låst vera storkar og ikkje hava mat.

10  Den rettferdige hev umsut for buskapen sin, men hjarta hjå ugudlege folk er hardt.

11  Den som dyrkar si jord, fær mette av brød; men den som fer etter fåfengde av ting, er fåvis.

12  Den ugudlege trår etter det som er ei snara for dei vonde; men dei rettferdige gjev Gud fast rot.

13  I lippe-synd ligg ei vond snara, men den rettferdige slepp ut or trengsla.

14  Av sin munns frukt fær ein mann sin gode mette, og det eit menneske hev gjort med sine hender, fær han att.

15  Dåren held sin eigen veg for den rette, men den som er vis, høyrer på råd.

16  Når dåren er vreid, vert det kjent same dagen, men den som er klok, løyner skjemsla.

17  Den som er ærleg i sine ord, talar sanning, men det falske vitnet talar svik.

18  Mange talar tankelause ord, som sting liksom sverd; men tunga åt dei vise er lækjedom.

19  Sannings-lippa held seg æveleg, men ljugar-tunga berre ein augneblink.

20  Svik er i deira hjarta som smider vondt i hop; men dei som råder til fred, fær gleda.

21  Det hender ikkje den rettferdige noko vondt, men dei ugudlege fær ulukka i fullt mål.

22  Ljugar-lippor er ein styggedom for Herren, men han likar dei som fer fram med ærlegdom.

23  Eik klok mann dyl det han veit, men dåre-hjarta ropar ut sin dårskap.

24  Strevsam hand kjem til å styra, men latskap gjer ein mann til træl.

25  Sorg i mannens hjarta tyngjer det ned, men eit godt ord gjev det gleda.

26  Den rettferdige rettleider næsten sin, men vegen åt dei ugudlege fører dei vilt.

27  Letingen steikjer ikkje si veidn, men annsemd er ein skatt so dyr for menneskja.

28  På rettferds stig er liv, og ein jamn veg fører ikkje til dauden.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23