Salomos ordspråk 11
1 Falsk vekt er ein styggedom for Herren, men fullvektige lodd tykkjer han vel um.
2 Med ovmod fylgjer skam, men dei audmjuke hev visdom.
3 Dei ærlege hev si rettvisa til førar, men fals slær sin herre på hals.
4 Gods hjelper ikkje på vreide-dagen, men rettferd bergar frå dauden.
5 Ulastande manns rettferd jamnar hans veg, men den gudlause stuper ved gudløysa si.
6 Ærlege folk vert frelste ved si rettferd, men dei falske vert fanga i sin eigen gir.
7 Når ugudleg mann døyr, er det ute med voni, og det dei vonde stundar etter, vert til inkjes.
8 Den rettferdige vert fria or trengsla, og den ugudlege kjem i hans stad.
9 Den gudlause tyner sin næste med munnen, men dei rettferdige friar seg ut med sin kunnskap.
10 Når det gjeng godt med dei rettferdige, fegnast byen, og når dei ugudlege vert tynte, syng folk av gleda.
11 Med velsigning frå ærlege folk kjem ein by seg upp, men munnen åt dei ugudlege bryt han ned.
12 Vitlaus er den som talar vanvyrdeleg um sin næste; men ein vitug mann tegjer stilt.
13 Den som gjeng og baktalar, ber løyndomar ut; men den hjarte-trugne løyner saki.
14 Der inkje styre er, lyt folket falla; men der det er mange rådgjevarar, gjeng det godt.
15 Ille gjeng det den som borgar for ein framand; men den som ikkje vil handtakast, er trygg.
16 Ei yndefull kvinna vinn æra, og valdsmenner vinn seg rikdom.
17 Ein godhjarta mann gjer vel mot seg sjølv, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt.
18 Den ugudlege vinn seg ei sviksam løn, men den som sår rettferd, fær ei løn som varer.
19 Den som stend fast i rettferd, vinn liv med det; men den som fer etter vondt, valdar sjølv at han lyt døy.
20 Ein styggedom for Herren er dei som er range i hugen; men han tykkjer vel um dei som ferdast ulastande.
21 Du kann vera viss, den vonde vert ikkje urefst, men ætti åt dei rettferdige slepp undan.
22 Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinna som er utan vit.
23 Det dei rettferdige ynskjer, vert berre godt; dei ugudlege hev vreide i vente.
24 Ein strår ut og fær endå meir, ein annan vert arm av usømeleg sparing.
25 Den som velsignar, skal trivast, og den som kveikjer andre, vert sjølv kveikt.
26 Den som held att korn, honom bannar folket; men signing kjem yver den som sel korn.
27 Den som strevar etter godt, søkjer det som er til hugnad; men den som legg vinn på vondt, han fær det yver seg.
28 Den som lit på sin rikdom, han skal stupa; men dei rettferdige skal grønka som lauv.
29 Den som fær sitt hus i ulag, skal erva vind, og dåren vert træl åt den vise.
30 Rettferdig manns frukt er eit livsens tre, og den vise vinn sjeler.
31 Du ser den rettferdige fær si løn på jordi, kor mykje meir då den ugudlege og syndaren!