«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 1

1  Ordtøke av Salomo, son åt David, konge yver Israel.

2  Av dei kann ein læra visdom og age og å skyna vituge ord;

3  av dei kann ein få age so ein vert klok, og læra rettferd og rett og rettvisa;

4  dei kann gjeva dei einfalde klokskap, ungdomen kunnskap og ettertanke.

5  Den vise aukar sin lærdom når han høyrer på dei, og den vituge vert før til å leva rett.

6  Dei gjev skyn på ordtak og bilettale, ord frå vismenn og gåtone deira.

7  Otte for Herren er upphav til kunnskap; dårar vanvyrder visdom og age.

8  Høyr etter, son min, når far din agar deg, og kasta ikkje frå deg det som mor di lærer deg!

9  For slikt er ein fager krans for ditt hovud og kjedor kring halsen din.

10  Son min! Når syndarar lokkar deg, so samtykk ikkje!

11  Når dei segjer: Kom med oss! Me vil lura etter blod, setja fellor for den skuldlause utan grunn;

12  me vil gløypa dei levande liksom helheimen, med hud og hår, liksom han gløyper dei som fer ned i gravi;

13  me vil vinna oss alle slag dyre eigneluter, fylla husi våre med rana gods;

14  du skal få kasta lut um det saman med oss, alle skal me hava same pungen -

15  då må du ikkje slå lag med dei, son min! Haldt foten din burte frå deira stig!

16  For føtene deira spring til det som vondt er, og dei er snøgge når det gjeld å renna ut blod;

17  fåfengt er det å strekkja netet so alle fuglane ser det;

18  dei lurer etter sitt eige blod, dei set fellor for sitt eige liv.

19  So gjeng det kvar som søkjer låk vinning; ho tek livet av sine eigne herrar.

20  Visdomsmøyi ropar høgt på gata, på torgi let ho røysti si ljoma;

21  på gatehyrna ropar ho midt i ståket, ved portinngangane, kring i byen tek ho til ords:

22  Kor lenge vil de utvituge elska uvitingskap og spottarane hava hug til spott og dårane hata kunnskap?

23  Vend um og gjev gaum når eg refser! So skal eg lata åndi mi fløyma for dykk, eg skal kunngjera dykk mine ord.

24  Etter di de ikkje vilde høyra når eg ropa, og ingen akta på at eg rette ut handi,

25  etter di de vanda alle mine råder og ikkje ansa mitt refsingsord,

26  so skal og eg læ når ulukka råmar dykk, eg skal spotta når det som de reddast kjem,

27  når det som de reddast, kjem som eit uver, og ulukka dykkar kjem farande som ein storm, når trengsla og naud kjem på dykk.

28  Då skal dei ropa på meg, men eg svarar ikkje; dei skal leita etter meg, men ikkje finna meg.

29  Av di dei hata kunnskap og ikkje vilde ottast Herren,

30  av di dei ikkje lydde på mi råd, men vanyrde all mi påminning,

31  difor skal dei eta frukti av si åtferd og verta mette av meinrådene sine.

32  For einvisa drep dei uvituge, og tryggleiken tyner dårane;

33  men den som høyrer på meg, skal bu trygt og leva i fred utan ulukke-redsla.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23