Paulus' brev til Filemon 1
1 Paulus, Kristi Jesu fange, og broderen Timoteus - til Filemon, vår kjære ven og medarbeidar,
2 og til Appia, vår syster, og til Arkippus, vår medstridsmann, og til kyrkjelyden i ditt hus:
3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!
4 Eg takkar alltid min Gud når eg kjem deg i hug i bønene mine,
5 av di eg høyrer um din kjærleik og den tru som du hev til Herren Jesus og til alle dei heilage,
6 so deira samfund med deg i trui må verta verksamt for Kristus i kjennskapen til alt det gode som er i dykk.
7 For eg fekk stor gleda og trøyst ved din kjærleik, av di hjarta åt dei heilage hev vorte hugga ved deg, bror!
8 Difor, endå eg hev stort frimod i Kristus til å påleggja deg det som rett er,
9 so bed eg då heller, for kjærleiken skuld. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no og Kristi Jesu fange,
10 bed eg deg for son min, som eg hev avla i mine lekkjor, Onesimus,
11 som fyrr var unyttig for deg, men no er nyttig for deg og for meg, han som eg sender attende til deg.
12 Tak du imot han, det er mitt eiga hjarta.
13 Eg hadde hug til å få hava han hjå meg, so han i din stad kunde tena meg i mine lekkjor for evangeliet,
14 men utan ditt samtykke vilde eg ingen ting gjera, so din godleik ikkje skulde vera liksom av tvang, men av fri vilje.
15 For kann henda han just difor vart skild frå deg for ei stund at du kunde få han att til æveleg eiga,
16 ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror, serleg for meg, men kor mykje meir for deg, både i kjøtet og i Herren!
17 So sant du då held meg for din medbror, so tak imot han som meg sjølv.
18 Og hev han gjort deg nokon urett, eller er han deg noko skuldig, so før det på mi rekning.
19 Eg, Paulus, skriv med mi eigi hand: eg skal betala det - at eg ikkje skal segja deg at du skyldar meg jamvel deg sjølv.
20 Ja, bror, lat meg då hava gagn av deg i Herren! hugga mitt hjarta i Kristus!
21 I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg, eg er viss på at du vil gjera endå meir enn eg segjer.
22 Stell so og til herbyrge åt meg; for eg vonar at eg ved dykkar bøner skal verta dykk gjeven.
23 Epafras, min medfange i Kristus Jesus, helsar deg;
24 like eins Markus, Aristarkus, Demas, Lukas, medarbeidarane mine.
25 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!