«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Obadja 1

1  Syni åt Obadias. So segjer Herren, Israels Gud, um Edom: Ei tidend hev me høyrt frå Herren, og bod er bore ut millom heidningfolki: Upp! Lat oss reisa oss til strid imot det!

2  Sjå, liten vil eg gjera deg millom folki; ovleg vanvyrd skal du verta.

3  Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som bur i bergrivor, i din høge heim, du som segjer i ditt hjarta: Kven kann støypa meg ned?

4  Um du enn byggjer høgt som ørnen, og reiret ditt ligg millom stjernor, skal eg støypa deg ned derifrå, segjer Herren.

5  Um tjuvar kom til deg eller ransmenn um natti - å, kor du vert reint til inkjes! - tru dei då vilde stela meir enn det dei trong? Um det kom til deg folk som vilde hausta din vin, so leivde dei vel til ei ettersanking.

6  Men å, kor dei ransakar Esau, og leitar upp hans løynde skattar!

7  Radt til landskilet fylgjer dei deg alle dine sambandsbrør; dei svik deg og vinn på deg dine gode vener; dei menner som et ditt brød, legg ei snara for deg. Det finst ikkje vit i han!

8  Skal eg ikkje den dagen, segjer Herren, øyda ut alle vise or Edom og alt vit frå Esaus fjell?

9  Kjempone dine vert modlause, Teman, so kvar mann vert drepen og utrudd frå Esaus fjell.

10  For valdsverki dine mot Jakob, bror din, skal du sveipast i skam, og utrudd skal du verta til æveleg tid.

11  Den dagen då du heldt deg undan, den dagen då framande rana hans gods, og utlendingar kom i hans portar og kasta lut um Jerusalem, då var du og som ein av dei.

12  Sjå ikkje med hugnad på bror din's dag, på hans motgangsdag, og gled deg ikkje yver Juda-borni på øydingsdagen, og lat ikkje munnen so vidt upp på trengsledagen.

13  Drag ikkje inn igjenom mitt folks port på uferdsdagen, sjå ikkje du og med lyst på deira naud på uferdsdagen, og rett ikkje handi etter deira gods på uferdsdagen!

14  Og statt ikkje ved vegemotet til å rydja ut dei av mitt folk som hev kome seg undan, og gjev ikkje dei som hev rømt, i fiendevald på trengsledagen!

15  For nær er Herrens dag yver alle folki; som du hev gjort, skal det gjerast med deg, di åtferd kjem att på ditt eige hovud.

16  For som de hev drukke på mitt heilage fjell, skal alle folki drikka stødt; dei skal drikka og slurka og verta som aldri dei vore til.

17  Men på Sions fjell skal finnast ein flokk av undankomne, og det skal vera ein heilag stad; og Jakobs hus skal få att si odelseiga.

18  Og Jakobs hus skal verta eld, og Josefs hus ein loge, og Esaus hus skal verta halm; so kveikjer dei på og øyder det, og ingen vert att av Esaus hus, for Herren hev tala.

19  Og sudlands-folket skal taka Esau-fjellet, og låglands-folket Filistar-landet, og dei skal taka Efra'ims land og Samaria-landet, og Benjamin skal taka Gilead;

20  og dei burtførte av denne Israels-heren skal taka det som finst av kana'anitar alt til Sarepta, og dei burtførde frå Jerusalem som er i Sefarad, skal taka sudlands-byane i eiga.

21  Og frelsarar skal draga upp på Sions-fjellet og døma Esau-fjellet, og riket skal høyra Herren til.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23