Fjerde Mosebok 9
1 Året etter dei hadde fare frå Egyptar-landet, i den fyrste månaden, tala Herren til Moses i Sinai-øydemarki og sa:
2 Israels-borni skal halda påskehelg på den tid som er sett.
3 Fjortande dagen i denne månaden, solegladsbel, skal de høgtida påskehelgi på si visse tid; alle dei lover og fyresegner som gjeld for påskehelgi skal de fylgja.
4 Då tala Moses til Israels-borni og sa dei skulde høgtida påskehelgi,
5 og so heldt dei påskehelg i Sinai-øydemarki den fjortande dagen i den fyrste månaden, solegladsbel; Israels-borni gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt Moses fyre.
6 Det var nokre menner som hadde vorte ureine av eit lik og ikkje kunde halda påskehelg den dagen; dei gjekk same dagen fram for Moses og Aron
7 og sa til han: Me hev vorte ureine av eit lik; kvi skal me verta attsette og ikkje få bera fram Herrens offergåva i rett tid saman med hine Israels-borni?
8 Då sa Moses til dei: Venta eit bel, so eg fer høyra kva Herren segjer um dette!
9 Og Herren tala til Moses og sa:
10 Tala til Israels-borni og seg: Um nokon av dykk eller etterkomarane dykkar hev vorte ureine av lik eller er på langferd, so skal dei like fullt halda påskehelg for Herren.
11 Den fjortande dagen i den andre månaden, solegladsbel, skal dei halda helg; attåt usyrt brød og bitre urter skal dei eta påskelambet.
12 Dei må ikkje leiva noko av det til morgonen og ikkje brjota noko bein i det. Alle dei fyresegnene som gjeld for påskehelga, skal dei fylgja.
13 Men den som er rein og som ikkje er ute og ferdast, og som endå let vera og halda påskehelg, han skal rydjast ut or folket sitt, for di han ikkje hev bore fram Herrens offergåva i rett tid; den mannen skal lida for syndi si.
14 Og når ein framand som held til hjå dykk, vil halda påskehelg for Herren, so skal han og fylgja dei lovene og fyresegnene som gjeld for påskehelgi. Det skal gjelda ei lov for dykk alle, for den framande so vel som den som den som er fødd og alen i landet.
15 Den dagen tabernaklet vart reist, sveipte skyi seg kringum tabernaklet, um tjeldet som gøymde vitnemålet; men um kvelden vart det som ein eld og sjå yver tabernaklet, og den heldt seg det alt til um morgonen.
16 Og soleis var det stødt: Det låg ei sky yver det* og um natti ein eldsljoske.
17 Og kvar gong skyi letta seg upp ifrå tjeldet, tok Israels-borni ut med ein gong, og der som skyi let seg ned, der lægra dei seg;
18 etter Herrens ord tok Israels-borni ut, og etter Herrens ord slo dei læger; men so lenge skyi held seg yver tabernaklet, heldt dei seg i lægret.
19 Låg skyi lenge yver tabernaklet, so retta Israels-borni seg etter det som Herren hadde sagt, og tok ikkje ut.
20 Stundom låg skyi berre nokre få dagar yver tabernaklet; då heldt dei seg i lægret so lenge Herren vilde.
21 Stundom låg skyi der berre frå kveld til morgon; då tok dei ut med same skyi lyfte seg um morgonen. Eller ho låg der ein dag og ei natt; når skyi då lyfte seg, tok dei ut.
22 Eller ho låg der eit par dagar eller ein månad eller endå lenger. Når skyi drygde so lenge og vart liggjande yver tabernaklet, heldt Israels-borni seg i lægret og tok ikkje ut; men so snart ho steig til vers, tok dei ut.
23 Etter Herrens ord lægra dei seg, og etter herrens ord tok dei ut. Dei retta seg etter Herrens vilje, soleis som Moses hadde sagt frå Herren.