«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 8

1  Og Herren sa til Moses:

2  Tala til Aron og seg til han: Når du set upp lampone, so skal du laga det so at alle sju lampone kastar ljoset frametter, på romet framanfor ljosestaken.

3  Og Aron gjorde so; han sette upp lampone so ljoset fall frametter, på romet framfor ljosestaken, som Herren hadde sagt Moses fyre.

4  Ljosestaken var gjord av drive gull; både leggen og kruna var drive arbeid. Etter det bilete som Herren hadde synt Moses, hadde han gjort ljosestaken.

5  Og Herren tala til Moses og sa:

6  Du skal taka ut levitane millom Israels-borni og reinsa dei.

7  So skal du fara åt når du reinsar dei: Du skal skvetta reinsingsvatn på dei, og dei skal fara yver heile lekamen med rakekniven og tvo klædi sine, so dei er reine.

8  So skal dei taka ein ung ukse og matofferet som høyrer til: fint mjøl blanda med olje, og til syndoffer skal du taka ein annan ung ukse.

9  Du skal segja til levitane at dei skal koma fram til møtetjeldet, og so skal du kalla i hop heile Israels-lyden

10  og føra levitane fram for Herrens åsyn. So skal Israels-borni leggja hendene på levitane,

11  og Aron skal vigja dei for Herrens åsyn til eit svingeoffer frå Israels-borni; og sidan skal dei tena Herren; det skal vera deira kall.

12  So skal levitane leggja hendene på hovudet åt uksane, og du skal ofra den eine til syndoffer og den andre til brennoffer åt Herren og gjera soning for levitane.

13  So skal du då føra levitane fram for Aron og sønene hans og vigja dei, so dei vert eit svingeoffer for Herren.

14  Soleis skal du skilja levitane ut ifrå hine Israels-borni, og dei skal høyra meg til,

15  og sidan, når du hev reinsa og vigt dei, skal dei koma og gjera tenesta i møtetjeldet.

16  For dei er ei gåva til meg, ei gåva frå Israels-borni; eg valde meg dei i staden for dei som kjem fyrst frå morsliv, alt det som er frumbore hjå Israels-borni.

17  For mitt er alt det som er frumbore hjå Israels-borni, både folk og fe; den dagen eg slo i hel alt frumbore i Egyptar-landet, helga eg det åt meg.

18  Men no hev eg teke levitane i staden for alle dei frumborne Israels-borni;

19  eg tok dei ut millom Israels-borni og gav dei til Aron og sønene hans, på den måten at dei skulde gjera tenesta i møtetjeldet for Israels-borni og gjera soning for dei, so Israels-borni ikkje skal koma innåt heilagdomen og soleis føra ulukka yver seg.

20  Moses og Aron og heile Israels-lyden gjorde i alle måtar so med levitane som Herren hadde sagt Moses fyre.

21  Og levitane reinsa seg og tvo klædi sine, og Aron vigde dei for Herrens åsyn og gjorde soning for dei, so dei vart reine,

22  og so kom dei og gjorde arbeidet sitt i møtetjeldet for augo åt Aron og sønene hans. Som Herren hadde sagt Moses fyre, so gjorde dei med levitane.

23  Og Herren tala til Moses og sa:

24  Dette er lovi som gjeld for levitane: Frå dei er fem og tjuge år gamle, skal dei standa i tenesta og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet;

25  men so snart dei hev fyllt femti år, skal dei gjeva seg utor tenesta og ikkje arbeida lenger.

26  Dei kann vera brørne sine til hjelp i møtetjeldet med eitt og anna som er å gjera der, men dei skal ikkje hava fast tenesta. Soleis skal du skipa det med levitane og tenesta deira.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23