«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 7

1  Då Moses hadde fenge reist tabernaklet og hadde salva og helga det og alt som til høyrde, og salva og helga altaret med alt som til høyrde,

2  då kom Israels jarlar, ættehovdingane og fylkesstyrarane, dei som stod yver alle som var mynstra,

3  og førde offergåvone sine fram for Herrens åsyn; det var seks husvogner og tolv uksar, ei vogn frå tvo og tvo av hovdingane og ein ukse frå kvar av dei. Det kom dei til tabernaklet med,

4  og Herren sa til Moses:

5  Tak i mot det av dei! De skal hava det til arbeidet ved møtetjeldet, og du skal gjeva det til levitane, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.

6  So tok Moses imot vognene og uksane og gav dei til levitane.

7  Gersons-borni fekk tvo vogner og fire uksar som dei skulde hava til å greida arbeidet sitt med.

8  Og Merari-borni fekk fire vogner og åtte uksar som dei skulde greida sitt arbeid med; og Itamar, son åt Aron, presten, skulde rettleida dei.

9  Kahats-borni fekk ikkje noko; for dei skulde taka vare på dei heilage tingi og bera dei på herdane.

10  Den dagen altaret vart salva, kom hovdingane med vigslegåvor og bar dei fram åt altaret.

11  Då sa Herren til Moses: Lat hovdingane bera fram gåva si til altarvigsla kvar sin dag!

12  Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Nahson, son åt Amminadab, hovdingen yver Juda-ætti.

13  Gåva hans var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

14  og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse,

15  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

16  og ein geitebukk til syndoffer

17  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Nahson, som åt Amminadab.

18  Andre dagen kom Netanel, son åt Suar, hovdingen yver Issakars-ætti,

19  og bar fram gåva si: eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

20  og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse,

21  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

22  og ein geitebukk til syndoffer,

23  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Netanel, som åt Suar.

24  Tridje dagen kom hovdingen yver Sebulons-borni, Eliab, son åt Helon,

25  med gåva si, og det var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

26  og ei gullskål som vog ti sekel og var fylt med røykjelse,

27  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

28  og ein geitebukk til syndoffer,

29  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eliab, son åt Helon.

30  Fjorde dagen kom hovdingen yver Rubens-borni, Elisur, son åt Sede'ur.

31  Gåva han bar fram, var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

32  og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse,

33  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

34  og ein geitebukk til syndoffer,

35  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisur, son åt Sede'ur.

36  Femte dagen kom hovdingen yver Simeons-borni, Selumiel, son åt Surisaddai.

37  Gåva han hadde med seg, var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

38  og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse,

39  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,

40  og ein geitebukk til syndoffer,

41  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Selumiel, son åt Surisaddai.

42  Sette dagen kom hovdingen yver Gads-borni, Eljasaf, son åt De'uel.

43  Og gåva hans var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

44  og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse,

45  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer

46  og ein geitebukk til syndoffer,

47  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eljasaf, son åt De'uel.

48  Sjuande dagen kom hovdingen yver Efra'ims-borni, Elisama, son åt Ammihud.

49  Gåva hans var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

50  og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse,

51  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer

52  og ein geitebukk til syndoffer,

53  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisama, som åt Ammihud.

54  Åttande dagen kom hovdingen yver Manasse-borni, Gamliel, son åt Pedasur.

55  Hans gåva var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

56  og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse,

57  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer

58  og ein geitebukk til syndoffer,

59  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Gamliel, son åt Pedasur.

60  Niande dagen kom hovdingen yver Benjamins-borni, Abidan, son åt Gideoni.

61  Han gav eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

62  og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse,

63  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer

64  og ein geitebukk til syndoffer,

65  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Abidan, son åt Gideoni.

66  Tiande dagen kom hovdingen yver Dans-borni, Akieser, son åt Ammisaddai.

67  Det han gav var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

68  og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse,

69  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer

70  og ein geitebukk til syndoffer,

71  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Akieser, son åt Ammisaddai.

72  Ellevte dagen kom hovdingen yver Asers-borni, Pagiel, son åt Okran.

73  Han og gav eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

74  og ei gullskål som vog ti sekel og var fylt med røykjelse,

75  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer

76  og ein geitebukk til syndoffer,

77  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Pagiel, son åt Okran.

78  Tolvte dagen kom hovdingen yver Naftali-borni, Akira, son åt Enan,

79  og han gav og eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer,

80  og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse,

81  og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer

82  og ein geitebukk til syndoffer,

83  og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Akira, son åt Enan.

84  Dette var vigslingsgåvone Israels hovdingar då altaret vart salva: Tolv sylvfat var det og tolv sylvbollar og tolv gullskåler.

85  Kvart sylvfat vog hundrad og tretti sekel og kvar sylvbolle sytti sekel; alle sylvkoppane i hop vog tvo tusund og fire hundrad sekel etter heilag vekt.

86  Dei tolv gullskålene som var fyllte med røykjelse, vog ti sekel kvar etter heilag vekt; alle gullskålene i hop vog hundrad og tjuge sekel.

87  Storfeet til brennofferet var i alt tolv uksar; attåt det kom tolv verar og tolv årsgamle verlamb med matoffer som til høyrde, og tolv geitebukkar til syndoffer.

88  Og storfeet til takkofferet var i alt fire og tjuge uksar; attåt det kom seksti verar og seksti bukkar og seksti årsgamle verlamb. Det var vigslegåvone som vart framborne då altaret var salva.

89  Og når Moses gjekk inn i møtetjeldet og skulde tala til han*, so høyrde han røysti tala med han frå nådestolen som var yver vitnemålskista, frå romet millom båe kjerubane; soleis tala han* til han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23