«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 5

1  Og Herren tala til Moses og sa:

2  Seg til Israels-borni at dei skal senda alle spillsjuke ut or lægret, og alle som hev flod, og alle som hev vorte ureine av lik.

3  Anten det er menner eller kvinnor, so skal de hava dei burt; ut or lægret skal de senda dei, so dei ikkje skal gjera lægret deira ureint, der eg bur midt imillom dei.

4  Og Israels-borni gjorde so og sende dei ut or lægret. Som Herren hadde sagt til Moses, so gjorde Israels-borni.

5  Og Herren tala til Moses og sa:

6  Seg til Israels-borni: Når ein mann eller ei kvinna gjer ei eller onnor synd og er utrue mot Herren, so dei fører skuld yver seg,

7  so skal dei skrifta den syndi dei hev gjort, og det dei hev kome til med urett, skal dei gjeva att alt saman og endå leggja attåt femteparten av verdet; dei skal gjeva det til den dei hev synda i mot.

8  Lever han ikkje lenger, og finst det ingen kravsmann etter han, som dei kann greida ut boti til, so skal den boti dei lyt leggja, gjevast til Herren og høyra presten til, umfram soningsveren, som skal ofrast til soning for dei.

9  Og alle reidor, alt det som Israels-borni helgar og kjem til presten med, skal vera hans.

10  Alt det som folk helgar, skal han hava; det dei gjev presten skal høyra han til.

11  Og Herren tala til Moses og sa:

12  Tala til Israels-borni og seg til dei: Når ei kona kjem på avveg og er utru mot mannen sin,

13  og ein annan mann ligg hjå henne, men mannen hennar ikkje veit um det, av di ho hev skjemt seg ut i løyndom, og der ikkje er noko vitne mot henne, og ingen hev kome yver henne,

14  og det so kjem ei åbryskaps-ånd yver han, so han mistrur kona si, og ho verkeleg hev skjemt seg ut, eller åbryskaps-åndi kjem yver han, so han mistrur kona si, endå ho ikkje hev skjemt seg ut,

15  so skal mannen taka kona med seg til presten og hava med ei offergåva for henne; det skal vera tiandeparten av ein efa byggmjøl; men han skal ikkje slå olje på mjølet eller leggja røykjelse attmed; for det er eit åbryskaps-matoffer, eit minnings-matoffer, som skal minna um eit brot.

16  Presten skal leida kona fram for Herrens åsyn.

17  Han skal henta heilagt vatn i ei leirskål og taka noko av dusti som er på golvet i tabernaklet, og hava uppi vatnet,

18  og når han hev leidt kvinna fram for Herrens åsyn, skal han løysa upp håret hennar og gjeva henne minnings-matofferet i hendene - eit åbryskaps-matoffer er det - og i si hand skal han halda det vonde vatnet som valdar forbanning.

19  So skal presten lata kvinna gjera eiden og segja til henne: So sant ingen hev lege hjå deg, og so sant du ikkje hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, so skal du inkje mein hava av dette vonde vatnet som valdar forbanning.

20  Men er det so at du hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, og at ein annan enn din eigen mann hev lege hjå deg

21  - no skal presten lesa upp forbannings-eiden for kona og segja til henne: - so skal Herren gjera deg til ei forbanning og ein eid hjå folket ditt; han skal lata mjødmi di minka og buken din bolna,

22  og dette vatnet som valdar forbanning, skal siga ned i livet ditt, so buken din bolnar og mjødmi di minkar. Og kvinna skal segja: Amen! Amen!

23  Sidan skal presten skriva desse forbanningane upp på eit blad og tvo dei av i det vonde vatnet;

24  So skal han lata kvinna drikka det vonde vatnet som valdar forbanning, og ulukkevatnet skal siga ned i livet hennar og valda verk.

25  So skal presten taka åbryskaps-matofferet utor handi på kvinna og svinga det att og fram for Herrens åsyn og bera det fram åt altaret;

26  og han skal taka ein neve av matofferet til minningsoffer og brenna det på altaret. Og når han hev gjeve kvinna vatnet, og ho hev drukke det,

27  då skal det henda at dersom ho hev skjemt seg ut og vore utru mot mannen sin, so skal ulukkevatnet siga ned i livet hennar og valda verk; buken hennar skal bolna og mjødmi minka; og den kvinna skal verta til ei forbanning hjå folket sitt.

28  Men er ho rein og ikkje hev skjemt seg ut, so skal ho vera uskadd og barnkjømd.

29  Dette de lovi um åbryskap: Når ei kvinna er utru mot mannen sin og skjemmer seg ut,

30  eller når det kjem ei åbryskaps-ånd yver ein mann, so han mistrur kona si, då skal han leida kvinna fram for Herrens åsyn, og presten skal gjera med henne alt det som er sagt i denne lovi.

31  Mannen skal vera fri for skuld, men kvinna lyt lida for brotet sitt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23