«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 4

1  Og Herren tala til Moses og Aron og sa:

2  I Levi-ætti skal du taka tal på Kahats-borni etter ætter og ættegreiner,

3  alle som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera tenesta i møtetjeldet.

4  Det som Kahats-borni skal stella med i møtetjeldet, det er dei høgheilage tingi.

5  Når lægret skal flytjast, so skal Aron og sønene hans ganga inn og taka ned forhengteppet og breida det yver vitnemålskista.

6  Ovanpå det skal dei leggja ein feld av takasskinn, og yver den att skal du breida eit klæde som er av blå ull heilt igjenom, og so setja berestengene i.

7  Yver skodebrødsbordet skal dei breida eit klæde av blå ull og setja fati og skålene og bollane og drykkofferkannone uppå det, og det dagvisse brødet* skal og liggja der.

8  Og yver alt dette skal dei breida eit klæde av karmosinraud ull og sveipa ein feld av takasskinn um det og setja berestengene i.

9  So skal dei taka eit klæde av blå ull og breida yver den bjarte ljosestaken og lampone som høyrer til, og saksene og saksplatone og alle oljekoppane som dei hev når dei steller lampone,

10  og sveipa bode staken og alle desse gognene inn i ein feld av takasskinn og leggja det på ei berebår.

11  Yver det gullklædde altaret skal dei og breida eit klæde av blå ull og sveipa ein feld av takasskinn um det, og so setja berestengene i.

12  So skal dei taka alle dei gognene som dei hev til tenesta i heilagdomen, og leggja dei i eit klæde av blå ull og sveipa ein feld av takasskinn um dei og leggja dei på ei bår.

13  Altaret* skal dei reinska for oska og breida eit klæde av purpurraud ull yver det

14  og leggja uppå det alle gognene som dei hev til altartenesta: glodpannone og steikjespiti og eldskuflene og blodbollane, alle gognene som høyrer til altaret, og so skal dei breida ein feld av takasskinn yver det og setja berestengene i.

15  Og når Aron og sønene hans er ferdige og hev sveipt inn heilagdomen, og alle dei gognene som høyrer til heilagdomem, og heren skal taka ut, då skal dei hine Kahats-borni koma og bera; men dei må ikkje røra heilagdomen; gjer dei det, lyt dei døy. Dette er det Kahats-borni skal bera av det som høyrer til møtetjeldet.

16  Eleasar, son åt Aron, presten, skal hava tilsynet med lampeoljen og den angande røykjelsen og det daglege matofferet og salvingsoljen, og med heile tabernaklet og alt som det finst av heilage ting og gogner som høyrer til.

17  Og Herren tala til Moses og Aron og sa:

18  Lat ikkje Kahats-greini verta utrudd or Levi-ætti!

19  Høyr no kva de skal gjera med dei, so dei kann få leva og ikkje tarv døy når dei kjem innåt dei høgheilage tingi: Aron og sønene hans skal ganga inn og setja dei, ein for ein, til det arbeidet dei hev å gjera, og syna dei byrdene dei skal bera.

20  Men sjølve må dei ikkje ganga inn, ikkje so mykje som ein augneblink, og ikkje skoda det heilage; for då lyt dei døy.

21  Og Herren tala til Moses og sa:

22  Gersons-borni skal du taka tal på etter ætter og ættegreiner.

23  Dei som er millom tretti og femti år, skal du mynstra, alle som er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet.

24  Høyr no kva det er Gersons-ættene hev og gjera, kva dei skal taka vare på, og kva dei skal bera:

25  dei skal bera åklædevevene som høyrer til tabernaklet, og møtetjeldet og taket og takasskinnstekket som ligg ovanpå taket, og teppet til møtetjelddøri

26  og umhengi til fyregarden og teppet i porten til fyregarden som er i kring tabernaklet og altaret, og tjeldtogi og alle arbeidsgreidone som høyrer til; og alt som er å gjera med det, skal dei greida.

27  Etter det som Aron og sønene hans segjer, skal Gersons-borni retta seg i alle måtar, både med beringi og med alt anna arbeid dei hev, og de lyt setja dei fyre å taka vel vare på alt det dei skal bera.

28  Dette er det Gersons-ættene skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, presten, skal rettleida dei i alt dei hev å gjera.

29  So skal du mynstra Merari-borni etter ætter og ættegreiner.

30  Dei som er millom tretti og femti år, skal du mynstra, alle som er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet.

31  Det dei hev å bera og skal hava umsut for i møtetjeldet, det er plankane i tabernaklet med tverrstengene og stolpane og stabbane som høyrer til,

32  og stolpane til fyregarden med stabbar og pålar og tog, og all reidskapen som høyrer til, og alt som trengst med arbeidet med det, og de skal nemna for dei kvar ting som de vil hava dei til å taka vare på å bera.

33  Dette er det Merari-ættene skal gjera, det dei skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, presten, skal rettleida dei.

34  Då no Moses og Aron og hovdingane yver lyden hadde mynstra Kahats-borni, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

35  so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,

36  so var det tvo tusund og sju hundrad og femti mann som var mynstra, kvar etter si ætt.

37  Det var talet på dei som vart mynstra i Kahats-ættene, dei som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.

38  Då Gersons-borni var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

39  so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,

40  so var det tvo tusund og seks hundrad og tretti mann som var mynstra, kvar etter si ætt og ættgrein.

41  Det var talet på dei som vart mynstra i Gersons-ættene, dei som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter Herrens bod.

42  Då Merari-borni og ættene deira var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

43  so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,

44  so var det tri tusund og tvo hundrad mann som var mynstra, kvar etter si ætt.

45  Det var talet på dei som vart mynstra i Merari-ættene, dei som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.

46  Då alle levitar millom tretti og femti år var talde, alle som var føre til å gjera tenesta i møtetjeldet med bering eller anna arbeid,

47  og Moses og Aron og Israels Hovdingar hadde mynstra dei etter ætter og ættgreiner,

48  so var det åtte tusund og fem hundrad og åtti mann.

49  Etter Herrens bod vart dei mynstra, og Moses stod fyre mynstringi; og dei vart sette til å gjera kvar sitt arbeid og bera kvar si byrd; og dei som Moses mynstra, var dei som Herren hadde sett han til å mynstra.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23