Fjerde Mosebok 35
1 Og Herren tala til Moses på Moab-moane ved Jordan, midt for Jeriko, og sa:
2 Seg til Israels-borni: De skal gjeva levitane byar til bustad i det landet de kjem til å eiga, og utmarki som ligg ikring, skal de og lata levitane få.
3 Byane skal dei hava til å bu i, og utmarki som høyrer til, skal vera til beite for kløvdyri og feet og all buskapen deira.
4 Utmarki som de gjev levitane, skal nå tusund alner ut ifrå bymuren rundt ikring.
5 Utanfor byen skal de mæla upp tvo tusund alner på austsida og tvo tusund alner på sudsida og tvo tusund alner på vestsida og tvo tusund alner på nordsida, og byen skal liggja midt i; det skal vera bymarkene deira.
6 Dei byane som de gjev levitane, skal vera dei seks fredstadene som dråpsmenner kann røma til, og attåt dei skal de gjeva tvo og fyrti andre byar.
7 I alt skal de gjeva levitane åtte og fyrti byar med beitemarkene som høyrer til.
8 Og av dei byane som de gjev dei av eigedomen åt Israels-borni, skal dei taka fleire frå den ætti som hev mykje land, og færre frå den som hev lite. Kvar skal gjeva levitane byar etter som dei hev fenge land til.
9 Og Herren tala til Moses og sa:
10 Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de hev fare yver Jordan og kome inn i Kana'ans-landet,
11 so lyt de velja dykk ut nokre byar som de skal hava til fredstader, so ein dråpsmann som uviljande hev drepe nokon, kann røma dit.
12 Dei byane skal vera dykk til ei trygd mot den som vil hemnadråpet, so dråpsmannen ikkje skal lata livet fyrr han hev stade til doms for lyden.
13 Dei byane som de gjev til fredstader, skal vera seks i talet.
14 Tri av dei skal vera på hi sida* av Jordan og tri i Kana'ans-landet; fredstader skal dei vera.
15 Både for Israels-borni og for dei framande og innflutte som bur millom dei, skal desse seks byane vera til ei livd, so den som uviljande hev drepe nokon, kann røma dit.
16 Den som slær ein med eit jarnhandyvle so han døyr, han er ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
17 Tek nokon ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og slær ein med so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
18 Tek nokon eit trehandyvle som han kann drepa folk med, og slær ein med det so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
19 Blodhemnaren kann slå manndråparen i hel; so snøgt som han finn han, kann han slå han i hel.
20 Dersom nokon støyter til ein av hat eller kastar noko på han med vilje so han døyr,
21 eller av fiendskap slær med neven so han døyr, so skal den som gjorde det, lata livet; han er ein manndråpar, og blodhemnaren kann slå han i hel so snøgt han finn han.
22 Men dersom nokon støyter til ein av vanvare, utan fiendskap, eller kastar einkvar tingen på han mot sin vilje,
23 eller råka han med ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og ikkje ser han, og han døyr av det, men dråpsmannen ikkje var hans uven eller vilde han vondt,
24 då skal lyden døma millom dråpsmannen og blodhemnaren etter desse lovene.
25 Og lyden skal verja dråpsmannen for blodhemnaren og føra han attende til fredstaden som han hadde rømt til, og der skal han vera til øvstepresten, han som er salva med den heilage oljen, er avliden.
26 Men kjem dråpsmannen utum fredstaden som han hev tydt til,
27 og blodhemnaren råkar han der - utanfor fredstaden - og slær han i hel, so skal det ikkje reknast for manndråp;
28 for dråpsmannen lyt halda seg i fredstaden sin til øvstepresten er avliden; då fyrst kann han fara heim att til den bygdi der han hev eigedomen sin.
29 Dette skal gjelda for lov og rett hjå dykk alle tider og alle stader.
30 Hev nokon gjort manndråp, so skal han lata livet, so framt det er vitne mot han; men etter ein manns vitnemål må ingen dømast frå livet.
31 De må ikkje taka imot løysepengar for livet åt ein som er saka i manndråp og dømt til dauden, han skal lata livet.
32 Og de må ikkje taka imot løysepengar for ein som hev tydt til ein fredstad, og lata han koma ut att og bu ein stad i landet fyrr presten er avliden.
33 De skal ikkje vanhelga det landet de bur i; for blod vanhelgar landet, og landet fær ikkje soning for blodet som hev runne der utan med blodet av den som rende det ut.
34 De skal ikkje gjera det landet de bur i, ureint, det landet som eg hev min bustad i; for eg er Herren, som hev bustaden min millom Israels-borni.