Fjerde Mosebok 34
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Seg til Israels-borni: Når de kjem inn i Kana'ans-landet - det er det landet de skal hava og eiga, heile Kana'ans-landet so vidt som det er -
3 so skal landet dykkar på sudsida ganga frå Sin-øydemarki langs med Edom, og den søre bytestrengen skal i aust ganga ut ifrå enden av Saltsjøen
4 og svinga sudum Akrabbimskardet og so taka yver til Sin; so skal han ganga ut sunnanfor Kades-Barnea, til han når Hasar-Addar, og so taka yver til Asmon;
5 frå Asmon skal bytet svinga burt til Egyptar-lands-bekken og so ganga i havet.
6 I vest skal landet støyta til Storhavet; det skal vera landskilet dykkar mot vest.
7 På nordsida skal landskilet ganga soleis. Frå Storhavet skal de draga skiftelina til Hor-fjellet
8 og frå Hor-fjellet dit som vegen ber til Hamat; der skal bytet ganga ut ved Sedad;
9 sidan skal det halda fram til Sifron og so enda ved Hasar-Enan. Dette skal vera landskilet dykkar mot nord.
10 I aust skal de setja landskilet etter ei lina som gjeng frå Hasar-Enan til Sefam.
11 Frå Sefam skal bytet ganga nedetter til Ribla, i aust for Ajin, og so lenger ned, til det når berghallet austanfor Kinneretsjøen*;
12 so skal det ganga nedåt Jordan og ut i Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar etter bytemerki sine rundt ikring.
13 Og Moses sa til Israels-borni: Dette er det landet som de skal få til odel og eiga; de skal skifta det i luter og kasta lut um dei; det er det landet som Herren hev sagt skal gjevast åt dei ni ættene og den eine halve ætti.
14 For Rubens-ætti med greinene sine og Gads-ætti med sine greiner og den halve Manasse-ætti hev fenge dei eigone dei skal hava;
15 desse tvo ættene og den halve ætti hev fenge sin eigedom på denne sida av Jordan-elvi, midt for Jeriko - i aust, mot solrenningi.
16 Og Herren tala til Moses og sa:
17 Høyr no kva dei er for menner som skal skifta ut landet millom dykk; Eleasar, presten, Josva Nunsson
18 og so ein hovding frå kvar ætt, som de skal taka til utskiftingsmann;
19 det er av Juda-ætti Kaleb, son åt Jefunne,
20 og av Simeons-ætti Semuel, son åt Ammihud,
21 og av Benjamins-ætti Elidad, son åt Kislon;
22 so ein hovding av Dans-ætti: Bukki, son åt Jogli,
23 og av Josefs-borni ein hovding av Manasse-ætti: Hanniel, son åt Efod,
24 og ein hovding av Efra'ims-ætti: Kemuel, son åt Siftan;
25 so ein hovding av Sebulons-ætti. Elisafan, son åt Parnak,
26 og ein hovding av Issakars-ætti: Paltiel, son åt Assan,
27 og ein hovding av Asers-ætti: Akihud, son åt Selomi,
28 og ein hovding av Naftali-ætti: Pedael, son åt Ammihud.
29 Desse mennene var det som Herren sa skulde skifta eigedomane millom Israels-borni i Kana'ans-landet.