Fjerde Mosebok 33
1 No skal eg nemna dei stadene der Israels-borni tok læger på ferdi si, då Moses og Aron førde dei ut or Egyptar-landet, flokk for flokk.
2 For kvar gong dei tok ut ifrå lægret, skreiv Moses upp kvar dei var, so som Herren hadde sagt han fyre, og her er namni på lægerstadene deira etter som dei for fram.
3 Femtande dagen i fyrste månaden tok Israels-borni ut frå Ra'amses; dagen etter påskehelgi for dei i veg med trass i hugen, midt for augo på alle egyptarane;
4 egyptarane heldt då på og jorda alle sine frumborne, dei som Herren hadde slege i hel; yver gudane deira og hadde Herren halde dom.
5 Då Israels-borni hadde fare frå Ra'amses, lægra dei seg fyrst i Sukkot.
6 So tok dei ut frå Sukkot og lægra seg i Etam, som ligg ytst utmed øydemarki.
7 So tok dei ut frå Etam, men sidan snudde dei um og tok vegen til Pi-Hakirot, som ligg midt imot Ba'al-Sefon, og dei lægra seg framanfor Migdol.
8 So tok dei ut frå Hakirot og for tvert igjenom havet til øydemarki, og då dei hadde fare tri dagar i Etam-øydemarki, lægra dei seg i Mara.
9 So tok dei ut frå Mara og kom til Elim. I Elim var det tolv vasskjeldor og sytti palmetre, og dei lægra seg der.
10 So tok dei ut frå Elim og lægra seg ved Raudehavet.
11 So tok dei ut frå Raudehavet og lægra seg i Sin-øydemarki.
12 So tok dei ut frå Sin-øydemarki og lægra seg i Dofka.
13 So tok dei ut frå Dofka og lægra seg i Alus.
14 So tok dei ut frå Alus og lægra seg i Refidim; med der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.
15 So tok dei ut frå Refidim og lægra seg i Sinai-øydemarki.
16 So tok dei ut frå Sinai-øydemarki og lægra seg i Kibrot-Hatta'ava og lægra seg i Haserot.
17 So tok dei ut frå Kibrot-Hatta'ava og lægra seg i Haserot.
18 So tok dei ut frå Haserot og lægra seg i Ritma.
19 So tok dei ut frå Ritma og lægra seg i Rimmon-Peres.
20 So tok dei ut frå Rimmon-Peres og lægra seg i Libna.
21 So tok dei ut frå Libna og lægra seg i Rissa.
22 So tok dei ut frå Rissa og lægra seg i Kehelata.
23 So tok dei ut frå Kehelata og lægra seg innmed Sefer-fjellet.
24 So tok dei ut frå Sefer-fjellet og lægra seg i Harada.
25 So tok dei ut frå Harada og lægra seg i Makhelot.
26 So tok dei ut frå Makhelot og lægra seg i Tahat.
27 So tok dei ut frå Tahat og lægra seg i Tarah.
28 So tok dei ut frå Tarah og lægra seg i Mitka.
29 So tok dei ut frå Mitka og lægra seg i Hasmona.
30 So tok dei ut frå Hasmona og lægra seg i Moserot.
31 So tok dei ut frå Moserot og lægra seg i Bene-Ja'akan.
32 So tok dei ut frå Bene-Ja'akan og lægra seg i Hor-Hagidgad.
33 So tok dei ut frå Hor-Hagidgad og lægra seg i Jotbata.
34 So tok dei ut frå Jotbata og lægra seg i Abrona.
35 So tok dei ut frå Abrona og lægra seg i Esjon-Geber.
36 So tok dei ut frå Esjon-Geber og lægra seg i Sin-øydemarki, i Kades.
37 So tok dei ut frå Kades og lægra seg attmed Hor-fjellet, i landskilet med Edom.
38 Då gjekk Aron, presten, upp på Hor-fjellet, som Herren hadde sagt han fyre, og der døydde han i det fyrtiande året etter Israels-borni hadde teke ut frå Egyptar-landet, fyrste dagen i femte månaden.
39 Aron var hundrad og tri og tjuge år gamal då han døydde på Hor-fjellet.
40 Men den kana'anitiske kongen i Arad, som budde i sørluten av Kana'an, fekk høyra at Israels-borni kom;
41 då tok dei ut frå Hor-fjellet og lægra seg i Salmona.
42 So tok dei ut frå Salmona og lægra seg i Punon.
43 So tok dei ut frå Punon og lægra seg i Obot.
44 So tok dei ut frå Obot og lægra seg i Ije-Ha'abarim i landskilet med Moab.
45 So tok dei ut frå Ijim og lægra seg i Dibon-Gad.
46 So tok dei ut frå Dibon-Gad og lægra seg i Almon-Diblataima.
47 So tok dei ut frå Almon-Diblataima og lægra seg attmed Abarim-fjelli, framanfor Nebo.
48 So tok dei ut frå Abarim-fjelli og lægra seg på Moab-moane ved Jordan-elvi, midt for Jeriko;
49 lægret deira låg langs med Jordan og rakk frå Bet-Hajesimot til Abel-Hassittim på Moab-moane.
50 Og Herren tala til Moses på Moab-moane ved Jordan, midt for Jeriko, og sa:
51 Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de hev fare yver Jordan og kome inn i Kana'ans-landet,
52 so skal de driva ut alle dei som bur der i landet, og knasa alle biletsteinane deira og slå sund alle gudebileti dei hev støypt seg, og øydeleggja alle offerhaugane deira.
53 De skal eigna til dykk landet og setja dykk ned der; for dykk hev eg gjeve det landet til odel og eiga.
54 De skal skifta det millom dykk etter ætter og kasta lut um bygdene. Den ætti som hev mykje folk, skal de gjeva mykje jord, og den som hev lite folk, mindre. Kvar skal få den eigedomen som luten hans kjem ut med. Etter ættene de høyrer til, skal landet bytast millom dykk.
55 Men driv de dei ikkje ut, dei som no bur i landet, so skal dei som de sparer, verta tornar i augo og broddar i sidone dykkar, og dei skal plaga dykk i det landet de bur i.
56 Og det som eg hadde tenkt å gjera med dei, det skal eg då gjera med dykk.