Fjerde Mosebok 32
1 Rubens-borni og Gads-borni hadde mykje bufe - uhorveleg mykje. Då dei no såg dei gode beitemarkane i landet kring Jaser og i Gilead-landet,
2 kom der og sa til Moses og Eleasar, presten, og hovdingane i lyden:
3 Atarot og Dibon og Jaser og Nimra og Hesbon og El'ale og Sebam og Nebo og Beon,
4 dei bygdene som Herren hev late Israels-lyden vinna med sverdet, det er gode febygder, og tenarane dine hev mykje fe.
5 Vil du gjera vel mot oss, sa dei, so lat tenarane dine få det landet til odel og eiga, og lat oss sleppa å fara yver Jordan!
6 Då sa Moses til Gads-borni og Rubens-borni: Skal brørne dykkar ganga i striden og de setja dykk til her?
7 Vil de då gjera Israels-borni uhuga til å fara yver åt det landet som Herren hev gjeve dei?
8 Det var det federne dykkar gjorde då eg sende dei ut frå Kades-Barnea til å skoda landet;
9 Dei for upp til Eskoldalen og såg på landet, og so skræmde dei Israels-borni, so dei miste hugen til å ganga inn i det landet som Herren hadde gjeve dei.
10 Den dagen vart Herren brennande harm og han svor:
11 Ingen av dei mennene som for upp frå Egyptar-land og er yver tjuge år gamle, skal få sjå det landet eg hev lova Abraham og Isak og Jakob; for dei hev ikkje fylgt meg som dei skulde -
12 ingen utan Kaleb Jefunneson av Kenas-ætti og Josva Nunsson; dei hev vore trugne til å fylgja Herren.
13 Herren vart harm på Israel og let dei flakka ikring i øydemarki i fyrti år, til det var ende på heile den ætti som hadde gjort det som vondt var i Herrens augo.
14 Og no stig de i fari etter fedrene dykkar, eit elde av syndige menner, og aukar endå meir Herrens harme imot Israel.
15 For vender de dykk burt og ikkje vil fylgja han, so kjem han til å halda Israel endå lenger i øydemarki, og de fører ulukka yver heile dette folket.
16 Då gjekk dei fram for Moses og sa: Me vil gjera kvier for feet vårt her og byggja byar for kvinnone og borni våre;
17 men sjølve vil me vepna oss snøggast me vinn, og fara fyre dei hine Israels-borni, til me hev ført dei dit dei skal; men kvinnone og borni våre skal sitja att i borgene, so dei kann vera trygge for folket her i landet.
18 Me skal ikkje venda heim att fyrr Israels-borni hev fenge kvar sin eigedom;
19 for me vil ikkje taka land saman med dei andre på hi sida Jordan og lenger undan når me hev fenge vårt land på denne sida, austanfor Jordan.
20 Då sa Moses til dei: Ja, gjer de det, væpnar de dykk til striden for Herrens åsyn,
21 og alle stridsmennene dykkar fer yver Jordan for Herrens åsyn, til han hev drive fiendane sine or syne,
22 og vender de ikkje heim att fyrr landet er vunne for Herrens åsyn, so skal de vera utan skuld både for Herren og får Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom for Herrens åsyn.
23 Men gjer de det ikkje, då syndar de mot Herren og skal få kjenna at syndi finn dykk att.
24 Bygg dykk no byar for kvinnone og borni dykkar, og stell til kvier for småfeet, og gjer som de hev lova!
25 Då sa Gads-borni og Rubens-borni til Moses: Tenarane dine skal gjera som du hev sagt, herre;
26 borni og konone våre og feet og alle kløvdyri skal vera her i Gileads-byane;
27 men me, tenarane dine, vil ganga yver Jordan for Herrens åsyn til strid, kvar våpnfør mann, soleis som du, herre, segjer.
28 So tala Moses um dei til Eleasar, presten, og Josva Nunsson og hovdingane yver alle Israels-ættene
29 og sa: Gjeng Gads-borni og Rubens-borni, so mange som er våpnføre, med dykk yver Jordan til strid for Herrens åsyn, og landet vert teke, so skal de gjeva dei Gilead-landet til eigedom.
30 Men gjeng dei ikkje stridsbudde med dykk yver, so skal dei få eigedomen sin i Kana'ans-landet, saman med dykk andre.
31 Og Gads-borni og Rubens-borni svara: Det som Herren hev sagt til tenarane dine, det vil me gjera;
32 me vil fara stridsbudde yver til Kana'ans-landet for Herrens åsyn, men odelseiga vår skal vera her på denne sida av Jordan.
33 Då gav Moses Gads-borni og Rubens-borni og halve Manasse-ætti dei riki som Sihon, amoritarkongen, og Og, kongen i Basan, hadde ått, heile landet med alle byane rundt ikring og markene som høyrde til.
34 Og Gads-borni bygde upp att Dibon og Atarot og Aroer
35 og Atrot-Sofan og Jaser og Jogbeha
36 og Bet-Nimra og Bet-Haran - faste byar og fekvier.
37 Og Rubens-borni bygde upp att Hesbon og El'ale og Kirjata'im
38 og Nebo og Ba'al-Meon - som dei brigda namnet på - og Sibma; og dei gav dei byane som dei bygde upp att namni deira.
39 Borni åt Makir, Manasses son, for til Gilead-landet og tok det og dreiv ut amoritane som budde der.
40 Og Moses gav Makir*, Manasses son, Gilead, og han sette seg ned der.
41 Ja'ir, son åt Manasse, for av stad og tok tjeldbyane deira* og kalla dei Ja'irs-byane.
42 Og Nobah for av og tok Kenat og småbyane der ikring og gav borgi sitt eige namn, Nobah.