«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 31

1  Og Herren tala til Moses og sa:

2  Du skal taka hemn for det som medianitane hev gjort Israels-borni; sidan skal du fara til federne dine.

3  Då tala Moses til folket og sa: Lat nokre av mannskapet dykkar bu seg til herferd! Dei skal koma yver midianitane og føra Herrens hemn yver Midian.

4  Tusund mann frå kvar av Israels-ættene skal de senda ut i herferd.

5  Av dei mange tusund i Israel baud dei då ut tusund mann frå kvar ætt, tolv tusund herbudde menner.

6  Dei sende Moses ut i herferd, tusund mann frå kvar ætt, og med dei sende han Pinehas, son åt Eleasar, presten; han hadde med seg dei heilage gognene og stridslurane.

7  Og dei gjorde ei herferd mor Midian, so som Herren hadde sagt Moses fyre, og slo i hel alle karmenner.

8  Og millom dei som dei drap, var kongane i Midian, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, dei fem Midians-kongane; og Bileam, son åt Beor, fall og for sverdet deira.

9  So tok dei kvinnone og borni åt midianitane og alle kløvdyri og alt bufeet deira og alt det dei åtte;

10  og alle byane i det landet dei budde i, og alle tjeldlægri deira sette dei eld på.

11  Og alt herfanget og alt folket og feet dei hadde teke,

12  førde dei dit som Moses og Eleasar, presten, og heile Israels-lyden var - til lægret på Moab-moane ved Jordan, midt for Jeriko - både fangane og feet og alt det andre herfanget.

13  Og Moses og Eleasar, presten, og alle dei høgste i lyden gjekk til møtes med dei utanfor lægret.

14  Men Moses var vond på hovdingane som kom heim frå stridsferdi, både dei som stod yver tusund og dei som stod yver hundrad mann,

15  og han sa til dei: Hev de spart alle kvinnone?

16  Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka Israels-borni til å svika Herren for Peors skuld, so sotti kom yver Herrens lyd.

17  Slå no i hel alle sveinborn og alle kvinnor som hev havt med karfolk å gjera!

18  Men alle ungmøyar som ikkje hev havt med karfolk å gjera, skal de spara, og dei skal høyra dykk til.

19  Og so lyt de halda dykk utanfor lægret i sju dagar, og alle som hev slege nokon i hel eller kome nær nokon som er i helslegen, lyt reinsa seg den tridje og den sjuande dagen - både de og fangane dykkar.

20  Og alle klæde og alt som er gjort av skinn eller geiteragg, og alle trekjerald lyt de reinsa.

21  Og Eleasar, presten, sa til stridsmennene som hadde vore med i herferdi: Denne fyresegni hev Herren gjeve Moses:

22  Gull og sylv, kopar og jarn, tin og bly,

23  alt som toler eld, skal de hava i elden, so vert det reint; de lyr berre etterpå reinsa det med reinsingsvatn; men alt som ikkje toler eld skal de hava i vatn.

24  Og den sjuande dagen skal de tvo klædi dykkar, so vert de reine, og sidan kann de koma inn i lægret.

25  Og Herren sa til Moses:

26  Du og Eleasar, presten, og ættehovdingane i lyden skal taka tal på alt folket og feet som er fanga

27  og skifta det likt millom stridsmennene som var med i herferdi, og alt hitt folket.

28  Og du skal taka ei avgift til Herren av stridsmennene: eitt liv for kvart femhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe;

29  det skal de taka av den helvti som fell på herfolket, og gjeva det til Eleasar, presten; det skal vera ei reida til Herren.

30  Og av den helvti som fell på dei hine Israels-borni, skal du taka ut eit liv for kvart halvhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe - av alt feet - og gjeva dei til levitane, som hev umsut for alt det som skal gjerast i Herrens tabernakel.

31  Moses og Eleasar, presten, gjorde som Herren hadde sagt Moses fyre.

32  Og herfanger, det som var att av det stridsfolket hadde teke, det var: sauer og geiter: seks hundrad og fem og sytti tusund;

33  uksar og kyr: tvo og sytti tusund;

34  asen: ein og seksti tusund;

35  av folk - kvinnor som ikkje hadde vore nær nokon karmann - var det i alt tvo og tretti tusund.

36  Helvti av dette, den luten som fall på hermennene, var då: småfe: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad i talet,

37  so avgifter til Herren av sauene og geitene vart seks hundrad og fem og sytti;

38  uksar og kyr: seks og tretti tusund; av dei var avgifti til Herren tvo og sytti;

39  asen: tretti tusund og fem hundrad, og avgifti av dei til Herren ein og seksti;

40  fangar: sekstan tusund, og av dei i avgift til Herren tvo og tretti.

41  Og Moses gav avgifti, det som skulde vera reida åt Herren, til Eleaser, presten, som Herren hadde sagt han fyre.

42  Den helvti som kom på dei hine Israels-borni, og som Moses hadde skift ifrå hermennene,

43  den helvti som lyden fekk, det var: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad sauer og geiter,

44  og seks og tretti tusund uksar og kyr,

45  og tretti tusund og fem hundrad asen,

46  og sekstan tusund fangar.

47  Av denne helvti - den som fall på Israels-borni - tok Moses ut eit liv for kvart halvhundrad av både folk og fe og gav dei til levitane, som greidde det som skulde gjerast i Herrens hus, soleis som Herren hadde sagt han fyre.

48  So gjekk hovdingane yver herflokkane, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann, fram for Moses

49  og sa til han: Tenarane dine hev teke tal på stridsmennene som me hadde under oss, og det vanta ikkje ein mann.

50  Difor kjem me no med ei gåva til Herren; kvar av oss gjev det gullet han hev vunne: armlekkjor og armband og fingerringar og øyreringar og kulelekkjor; det skal vera til soning for oss for Herrens åsyn.

51  Og Moses og Eleaser, presten, tok imot gullet dei kom med, alle slags fint arbeidde ting.

52  Gullet som dei vigde åt Herren, var i alt sekstan tusund og sju hundrad og femti sekel; det var gåva frå hovdingane.

53  Men mannskapet hadde og vunne herfang, kvar åt seg.

54  Då Moses og Eleasar, presten, hadde teke imot gullet av hovdingane, bar dei det inn i møtetjeldet, so det skulde minna um Israels-borni for Herrens åsyn.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23