Fjerde Mosebok 28
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 So skal du segja til Israels-borni: Offeret mitt, maten min, eldofferi mine, som angar godt for meg, lyt de koma i hug å bera fram for meg på si visse tid.
3 Seg til dei: So skal dei eldofferi vera som de ber fram for Herren: Tvo årsgamle lytelause lamb um dagen til fast brennoffer.
4 Eitt lamb skal du ofra um morgonen og eitt solegladsbel,
5 og til matoffer tiandeparten av ein efa fint mjøl, blanda med fjordeparten av ein hin olje av sundstøytte oljebær.
6 Det skal vera det faste brennofferet, so som det vart frambore ved Sinai-fjellet til ein kveikjande ange, eit eldoffer for Herren.
7 Og drykkofferet som høyrer til det eine lambet, skal vera fjordeparten av ein hin; i heilagdomen skal du ofra drykkoffer av sterk drykk til Herren.
8 Det andre lambet skal du ofra solegladsbel; med same matofferet som um morgonen og same drykkofferet skal du bera det fram; det er eit eldoffer som angar godt for Herren.
9 Um sabbatsdagen skal du ofra tvo årsgamle lamb utan lyte og til matoffer tvo tiandepartar av ein efa fint mjøl, blanda med olje, og drykkofferet som høyrer til.
10 Det er sabbats-brennofferet, som skal berast fram kvar sabbat, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.
11 Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb utan lyte,
12 og til matoffer tri tiandepartar av ein efa fint mjøl, blanda med olje, for kvar ukse, og tvo tvo tiandepartar fint mjøl, blanda med olje, attåt veren,
13 og ein tiandepart fint mjøl, blanda med olje, for kvart lamb; då er det eit brennoffer som angar godt, eit eldoffer for Herren.
14 Og drykkofferet som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar ukse og tridjeparten av ein hin til attåt veren og fjordeparten av ein hin for kvart lamb. Dette er månads-brennofferet som de skal bera fram kvar nymånedag i året.
15 Då skal de og ofra ein geitebukk til syndoffer åt Herren, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.
16 Den fjortande dagen i den fyrst månaden er det påskehelg for Herren.
17 Og den femtande dagen i den same månaden er det helg; då skal de eta usyrt brød sju dagar.
18 Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid.
19 Og de skal bera fram eit eldoffer, eit brennoffer for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
20 og til matoffer attåt dei fint mjøl, blanda med olje: tri tiandepartar av ein efa for kvar ukse og tvo tiandepartar attåt veren,
21 og ein tiandepart for kvar av dei sju lambi,
22 og so ein geitebukk til syndoffer; med den skal de gjera soning for dykk.
23 Dette skal de ofra umfram morgon-brennofferet, som høyrer til det daglege brennofferet*.
24 Sovorne offer skal de bera fram kvar av dei sju dagane; det er eldoffermat som angar godt for Herren; attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drykkofferet som høyrer til.
25 Den sjuande dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då.
26 Nygrødedagen, når de ber fram for Herren eit offer av den nye grøda og høgtidar sjuvikehelgi, då skal de halda eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid.
27 Og de skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb,
28 og til matoffer attåt det fint mjøl, blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa for kvar ukse og tvo tiandepartar attåt veren,
29 og ein tiandepart for kvar av lambi,
30 og so ein geitebukk som de skal gjera soning for dykk med.
31 Det skal de ofra umfram det daglege brennofferet og matofferet som høyrer til. Offeri skal vera lytelause, og dei vanlege drykkofferi skal vera med.