«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 27

1  Men døtterne åt Selofhad - dei heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa og var ætta frå Manasse, Josefs son; for Selofhad, far deira, var son åt Hefer, son åt Gilead, son åt Makir, son åt Manasse -

2  dei gjekk fram i møtetjelddøri og stod framfor Moses og Eleaser, presten, og alle hovdingane og heile lyden og sa:

3  Far vår døydde i øydemarki, men han var ikkje med i den flokken som sette seg upp mot Herren - i Korah-flokken - han døydde for si eigi synd skuld*, og han hadde ingi søner.

4  Skal no namnet åt far vår ganga ut or ætti av di han ingen son hadde? Gjev oss odel tilliks med farbrørne våre!

5  Moses bar saki deira fram for Herren.

6  Og Herren sa til Moses:

7  Det er rett som døtterne åt Selofhad segjer. Du skal gjeva dei odel tilliks med farbrørne deira og lata farsgarden ganga i arv til dei.

8  Og til Israels-borni skal du segja: Når ein mann døyr og ikkje hev nokon son, so skal de lata garden hans ganga i arv til dotteri.

9  Hev han ingi dotter, so skal de gjeva brørne hans garden;

10  og hev han ikkje brør, so skal de lata farbrørne hans få garden;

11  men hadde ikkje faren nokon bror, so skal den næmaste skyldingen i ætti få garden til odel og eiga. Dette skal gjelda for rett hjå Israels-borni, soleis som Herren hev sagt Moses fyre.

12  Sidan sa Herren til Moses: Stig upp på Abarim-fjellet her og sjå utyver landet som eg hev gjeve Israels-borni!

13  Og når du hev set det, skal du og fara til federne dine som Aron, bror din, fyre deg,

14  av di de var ulydige mot meg i Sin-øydemarki, då lyden tretta med meg, og de skulde helga meg og lata vatnet strøyma fram for augo deira. - Av det hev Meriba-kjelda ved Kades i Sin-øydemarki fenge namn.

15  Då tala Moses til Herren og sa:

16  Herre, du Gud som råder yver livsens ande i alt kjøt, vil ikkje du setja ein mann yver lyden,

17  som kann ganga fyre dei både heime og burte og føra dei både ut og inn, so ikkje Herrens lyd skal vera som ein saueflokk utan hyrding!

18  Og Herren sa til Moses: Tak Josva, son åt Nun! Han er ein mann som det er ånd i. Legg handi på hovudet hans,

19  og leid han fram for Eleasar, presten, og for heile lyden og set han inn i tenesta framfor augo deira,

20  og gjev han noko av den vyrdnaden du hev med deg, so heile Israels-lyden lyt lyda han!

21  Og han skal ganga fram for Eleasar, presten, og Eleasar skal for Herrens åsyn spyrja urim for han, og etter hans ord skal dei ganga ut og ganga inn, både han og heile Israels-borni og heile lyden.

22  Moses gjorde som Moses hadde sagt; han tok og leidde Josva fram for Eleasar, presten, og heile lyden,

23  og Eleasar la hendene på han og sette han inn i tenesta, som Herren hadde havt Moses til å segja til han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23