«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 24

1  Då Bileam såg at det var Herrens vilje at han skulde velsigna Israel, gjekk han ikkje burt og søkte teikn, som han fyrr hadde gjort; han vende andletet mot øydemarki

2  og såg utyver, til han fekk auga på Israels-ættene, som låg der sida um sida. Då kom Guds ande yver han,

3  og han kvad: So segjer Bileam, Beors son, so segjer mannen med augo att*,

4  so segjer han som høyrer ord i frå Gud, som ser syner frå den Allmektige, sigen ned med opna augo:

5  Kor fagre tjeldi dine er, Jakob, dine bustader, Israel!

6  Som vide bekkedalar, som hagar attmed ei å, som aloëtre Herren hev planta, som sedrar attmed vatnet!

7  Det strøymer vatn or spanni hans, og ætti hans bur attmed mykje vatn. Større enn Agag* skal kongen hans vera og upphøgt hans kongerike.

8  Gud førde han ut or Egyptar-land; styrke hev han som ein villukse; han skal eta upp heidningfolki som er hans fiendar, og knasa beini deira og skyta dei sund med pilene sine.

9  Han legg seg ned, han kviler som ei løva, ei løvemor; kven vågar å vekkja han? Velsigna vere den som velsignar deg, og forbanna den som bannar deg!

10  Då vart Bileam brennande harm på Bileam; han slo i hop hendene og sa til han: Eg kalla deg hit so du skulde banna uvenene mine, og no hev du velsigna dei tri gonger!

11  Far no heim med deg so fort du kann! Eg hadde tenkt å visa deg æra, men du ser Herren hev meinka deg den.

12  Bileam svara: Sa eg det ikkje straks til dei mennene du sende til meg:

13  Um Balak gav meg huset sitt fullt av sylv og gull, so kunde eg ikkje brjota Herrens bod og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt; berre det Herren vil, kann eg tala.

14  No fer eg heim att til folket mitt, men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera men ditt folk i komande dagar*.

15  So tok han til å kveda og sa: So segjer Bileam, Beors son, so segjer mannen med augo att*,

16  so segjer han som høyrer ifrå Gud, og som får vita det den høgste veit, han som ser syner frå den Allmektige, sigen ned med opna augo:

17  Eg ser han, men ikkje no, eg skodar han, men ikkje nær; ei stjerna stig upp or Jakob, ein kongsstav lyfter seg frå Israel; han knasar Moabs tunnvangar og øyder ufredsætti ut.

18  Edom vert eigedomen hans, og Se'ir, fiendelandet, slær han under seg; stort velde vinn Israel.

19  Frå Jakob kjem den som skal råda; han rydjer ut or byane dei som hev berga seg dit.

20  So såg han amalekitane. Då tok han til å kveda og sa: Fyrst millom heidningfolki er Amalek; men ein gong gjekk han til grunns.

21  Og han såg kenitane og kvad: Din bustad er so fast er borg, på nuten hev du bygt ditt reir;

22  men endå vert Ka'in* øydelagt når Assur fører deg av stad.

23  So tok han til å kveda att og sa: Ai, ei, kven fær vel leva då, når Gud let dette ganga fram?

24  Skip kjem frå Kittim-leidi*; dei døyver Assur, og dei døyver Eber; men han** og gjeng til grunns.

25  So gjorde Bileam seg reidug og for heim att, og Balak tok og på si leid.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23