«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 22

1  So tok Israels-borni ut att og lægra seg på Moab-øydemarkene, på hi sida av Jordan-elvi, beint fyre Jeriko.

2  Då Balak, son åt Sippor, såg alt det Israel hadde gjort med amoritane,

3  då vart redsla stor i Moab. Moabitane fælte seg for dette folket som var so mannsterkt,

4  og sa til hovdingane i Midian: No kjem denne store hopen til å eta upp alt ikring oss, liksom uksane når dei gneg snaudt på bøen. Og Balak Sipporson - han var konge i Moab på denne tid -

5  sende menner til Bileam, son åt Beor, som åtte heime i Petor ved Storelvi; dei skulde beda han koma og segja han det for kongen: Det hev kome eit folk frå Egyptar-land; dei er so mange at dei fyller heile landet, og dei hev slege seg ned midt fyre meg.

6  Kjære deg, kom og banna det folket for meg; for dei er meg for sterke - kann henda eg då kunde vinna yver dei og driva dei ut or landet; for eg veit at den du signar, er velsigna, og den du bannar, er forbanna.

7  Sendemennene var av det gjævaste folket i Moab og Midian; dei tok av stad og hadde spåmannsløn med seg, og då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.

8  Då sa han til dei: Ver her i natt, so skal eg gjeva dykk svar, etter det som Herren segjer meg fyre. So gav Moab-hovdingane seg til hjå Bileam.

9  Då kom Gud til Bileam og sa: Kva er det for folk som er hjå deg?

10  Bileam svara: Balak, son åt Sippor, Moabs konge, sender bod til meg og segjer:

11  Her hev kome eit folk frå Egyptar-land, og dei er so mange at dei fyller alt landet. Kom no og banna det for meg, so trur eg vist eg skal råda med dei og jaga dei ut.

12  Då sa Gud til Bileam: Gakk ikkje med dei! Du skal ikkje banna det folket; for dei er velsigna.

13  Um morgonen sa Bileam til hovdingane som Balak hadde sendt til han: Far heim att til landet dykkar! For Herren vil ikkje gjeva meg lov til å fylgja med dykk.

14  So tok Moab-hovdingane av stad, og då dei kom heim att til Balak, sa dei: Bileam vilde ikkje vera med oss.

15  Då sende Balak andre hovdingar, fleire og gjævare enn fyrste gongen.

16  Då dei kom til Bileam, sa dei til han: Balak, son åt Sippor, helsar deg og segjer, Gode deg, kom! Seg ikkje nei!

17  Eg skal visa deg stor æra og gjera alt det du segjer, berre du vil koma og banna dette folket for meg.

18  Bileam svara kongsmennene so: Um Balak gav meg heile huset sitt fullt med sylv og gull, so kunde eg ikkje gjera imot det som Herren min Gud hev sagt, korkje i smått eller stort.

19  Men ver no de og her natti yver, so fær eg høyra kva meir Herren hev å segja meg.

20  Då kom Gud um natti til Bileam og sa til han: Er desse mennene komne her på den måten at dei vil få deg med seg, so kann du ferda deg til å fylgja dei; men gjer ikkje anna enn som eg segjer til deg!

21  Um morgonen stod Bileam upp og sala asna si, og for so i veg saman med Moab-hovdingane.

22  Men Gud vart harm for di han tok ut, og Herrens engel kom imot han og stod på vegen som ein fiende då han kom ridande på asna i lag med båe sveinane sine.

23  Og asna såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi; då tok ho av vegen og ut på marki; men Bileam slo henne, so ho skulde halda vegen.

24  Sidan møtte Herrens engel i ei geil millom vinhagane. På båe sidor var det steingard,

25  og då asna såg Herrens engel, strauk ho seg innåt garden og klemde foten åt Bileam mot steinane. Då slo han henne att.

26  So gjekk Herrens engel framum endå ein gong og stod i eit trongt klemstre; der var det ikkje råd å vika undan, korkje til høgre eller vinstre,

27  og med same asna fekk sjå Herrens engel, la ho seg ned under Bileam. Då vart han harm og slo henne med staven.

28  Men Herren gav asna mål, og ho sa til Bileam: Kva hev eg gjort deg? No er det tridje gongen du slær meg.

29  Bileam svara: Du hev havt meg til narr. Hadde eg berre eit sverd i handi, so skulde eg slå deg i hel med det same.

30  Då sa asna: Er ikkje eg asna di, som du hev ride på all di tid til denne dag? Hev eg nokor tid havt for vis og fara soleis med deg? Bileam svara: Nei,

31  og i det same opna Herren augo hans, so han såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi. Då kasta han seg på kne og bøygde hovudet.

32  Og Herrens engel sa til han: Kvi hev du fare so og slege asna di tri gonger? Det er eg som hev møtt deg som ein fiende; for eg ser at denne vegen fører i ulukka.

33  Og asna såg meg og tok av vegen for meg alle tri gongene. Hadde ikkje ho teke av vegen, so hadde eg no drepe deg, men asna hadde eg spart.

34  Då sa Bileam til Herrens engel: Eg hev synda, av di eg ikkje skyna at du stod framfyre meg på vegen; men er dette deg imot, so skal eg venda heim att.

35  Herrens engel svara: Nei, far no du med mennene, men seg ikkje eit ord anna enn det som eg segjer deg fyre! So fylgde Bileam med hovdingane åt Balak.

36  Då Balak fekk høyra at Bileam kom, for han til møtes med han til den byen som låg nørdst i Moab-riket, ved Arnon, ytst utmed landskilet.

37  Og Balak sa til Bileam: Sende eg ikkje einkom bod og bad deg til meg? Kvi vilde du ikkje koma? Trur du ikkje eg er god til å visa deg æra nok?

38  Bileam svara: No ser du eg er komen. Men det er vandt um eg kann segja noko; dei ordi som Gud legg meg i munnen, lyt eg tala.

39  So fylgde han med Balak, og dei kom til Kirjat-Husot.

40  Der ofra Balak storfe og småfe og sende til Bileam og dei hovdingane som var med han.

41  Morgonen etter tok kongen Bileam med seg upp på Bamot-Ba'al; derifrå kunde han sjå enden av Israels-lægret.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23