Fjerde Mosebok 21
1 Då den kana'anitiske kongen i Arad, som budde i sudlandet, høyrde at Israel kom farande etter Atarimvegen, tok han på dei og fanga nokre av dei og drog av med dei.
2 Då gjorde Israel ein lovnad til Herren og sa: Gjev du dette folket i mi hand, so skal eg bannstøyta byane deira.
3 Og Herren høyrde bøni og gav kana'anitane i Israels hender, og Israel bannstøytte dei og byane deira; sidan kalla dei den staden Horma*.
4 Frå Hor-fjellet tok dei leidi burt imot Raudehavet og vilde fara ikring Edom-landet. Men på vegen vart folket utoluge;
5 dei lasta Gud og Moses og sa: Kvi hev de ført oss upp frå Egyptar-land? No lyt me døy her i øydemarki; for her finst det korkje brød eller vatn, og me er hjarteleide av denne veike maten.
6 Då sende Herren seraf-ormar*, som for imillom folket og hogg dei, so mange av dei døydde.
7 So kom dei til Moses og sa: Me synda då me lasta Herren og deg. Bed Herren at han vil fria oss frå ormane! Då bad Moses for folket.
8 Og Herren sa til Moses: Gjer deg ein seraf-orm og set han upp på ei stong, so skal kvar ein som er ormhoggen og ser burt på han, få leva.
9 So gjorde Moses ein koparorm og sette han på ei stong, og kvar gong ormane hadde hogge nokon og han såg burt på koparormen, fekk han leva.
10 Sidan tok Israels-borni i vegen att og lægra seg i Obot.
11 So tok dei ut frå Obot og lægra seg ved Ije-Ha'abarim i øydemarki austanfor Moab.
12 So for dei derifrå og slo læger i Sereddalen.
13 So for dei lenger og slo læger på hi sida av Arnonelvi, der som ho kjem utfor Amoritar-landet og renn igjenom øydemarki. Arnon er landskilet åt Moab og byter millom Moab og amoritane.
14 Difor stend det i boki um Herrens herferder: Vaheb tok dei med storm, og bekkene, Arnonbekkene,
15 og bekkelidi som tøygjer seg burtåt Ar-bygdi og hallar seg uppåt Moab-grensa.
16 So for dei til Be'er; det er den brunnen som Herren tala um då han sa til Moses: Kalla i hop folket, so skal eg gjeva dei vatn!
17 Då song Israel denne songen: Vell upp, du brunn! Helsa han med song!
18 Du brunn som hovdingar hev grave, som dei gjevast av folket hev bora med styrarstav, med kongsstavane sine! Frå øydemarki for dei so til Matana,
19 og frå Matana til Nahaliel, og frå Nahaliel til Bamot,
20 og frå Bamot til den dalen som ligg i Moab-marki, tett med toppen på Pisga-fjellet, og der ein ser utyver øydemarki.
21 Israel sende bod til Sihon, kongen yver amoritane, og sa:
22 Lat meg få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje koma inn på åkrane eller i vingardane og ikkje drikka av brunnane; me skal halda oss etter kongsvegen, til me er komne igjenom landet ditt.
23 Men Sihon vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara gjenom landet; han samla alt herfolket sitt og for ut i øydemarki mot Israel. Då han kom til Jahas, møtte han dei og rauk på dei.
24 Men Israel hogg han ned med kvasse sverd og tol landet hans frå Arnon til Jabbok, til Ammonriket; for landskilet åt Ammons-borni var tettsett med borger.
25 Og Israel la under seg alle desse byane og busette seg i alle amoritarbyane, i Hesbon og alle dei byane som høyrde til.
26 For Hesbon var hovudstaden åt Sihon, amoritarkongen; han hadde havt ufred med den fyre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon.
27 Difor segjer skalden: Kom hit, kom hit til Hesbon, bygg upp att Sihons borg!
28 For eld for ut frå Hesbon, ein loge frå Sihons stad; han øydde Ar i Moab, dei som budde på Arnonhøgdene.
29 Usæl du, Moab! Det er ute med deg, Kamos-folk! Han* hev sendt sønene sine som rømingar og døtterne sine i fangeferd til Sihon, amoritarkongen.
30 Me skaut dei ned; Hesbon er lagd øyde, alt til Dibon. Me herja til Nofah, med eld alt burt åt Medba.
31 So vart Israel buande i Amoritar-landet.
32 Moses sende njosnarar til Jaser, og dei* la under seg alle byane der ikring; og han dreiv ut amoritane som budde der.
33 So tok dei på ei onnor leid og for uppetter til Basan; og Og, kongen i Basan; for i mot dei til Edre'i med alt herfolket sitt og baud ufred.
34 Då sa Herren til Moses: Du treng ikkje vera redd han! Eg hev gjeve han i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med han som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritane, som budde i Hesbon.
35 So hogg dei han ned, både han og sønene og alt folket hans, so ingen vart att eller slapp undan, og sidan eigna dei til seg landet.