«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 20

1  I den fyrste månaden* kom Israels-borni, heile lyden, til Sin-øydemarki, og dei gav seg til i Kades. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.

2  Men der var ikkje vatn åt folket, og dei flokka seg i hop mot Moses og Aron.

3  Og folket tretta med Moses og sa: Gjev me og hadde roke med då brørne våre let livet for Herrens åsyn!

4  Kvi hev de havt Herrens folk ut i denne øydemarki, so me lyt døy her, både me og feet vårt?

5  Kvi lokka de oss burt frå Egyptar-land og førde oss hit til denne fæle staden, der det ikkje veks anten korn eller fikor eller vintre eller granateple og ikkje finst drikkevatn?

6  Moses og Aron hadde seg undan flokken og gjekk burt til møtetjelddøri og kasta seg og gruve. Då synte Herrens herlegdom for dei.

7  Og Herren tala til Moses og sa:

8  Du skal taka staven, og du og Aron, bror din, skal kalla lyden i hop og tala til berget for augo deira, so skal det gjeva vatn utor seg; soleis skal du lata det koma vatn utor berget for dei og gjeva dei og feet deira drikka.

9  Moses gjorde som Herren sa: han tok staven som låg framfor Herrens åsyn,

10  og han og Aron kalla lyden i hop framfor berget; so sa han til dei: Høyr no, stridnakkar! Trur de at me kann lata det koma vatn åt dykk ut or dette berget?

11  So lyfte Moses handi og slo på berget med staven sin tvo gonger; då strøymde det ut mykje vatn, so både lyden og feet deira fekk drikka.

12  Men Herren sa til Moses og Aron: Sidan de ikkje trudde på meg og ikkje helga meg for augo åt Israels-borni, so skal de ikkje få føra denne lyden inn i det landet eg hev gjeve dei.

13  Det var denne kjelda som vart kalla Meriba-vatnet; der var det Israels-borni tretta med Herren, og han helga seg på dei.

14  Frå Kades sende Moses dette bodet til kongen i Edom: So segjer Israel, bror din: Du veit kor mykje vondt me hev lide.

15  Federne våre for ned til Egyptar-land, og der budde me mange, mange år, og egyptarane var harde med oss og federne våre.

16  Då ropa me til Herren, og han høyrde bønene våre og sende oss ein engel som førde oss ut or Egyptar-land, og sjå, no er me i Kadesbygdi, innmed landskilet ditt.

17  Kjære deg, lat oss få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje ganga igjenom åkrane eller vinhagane og ikkje drikka vatn or brunnane; me skal fara etter kongsvegen og ikkje taka av korkje til høgre eller vinstre, fyrr me er komne igjenom landet ditt.

18  Men Edom svara: Du må ikkje fara fram her; gjer du det so møter eg deg med sverd i hand.

19  Då sa Israels-borni til han: Me skal fylgja storvegen, og dersom me drikk av vatnet ditt, me eller buskapen vår, so skal eg gjeva deg like for det. Det er ikkje stort eg bed um; eg vil berre få ganga etter vegen.

20  Edom svara: Nei, du slepp ikkje fram her; og gjekk imot dei med mykje folk og med våpen i hand.

21  Edom vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara igjenom landet sitt, og Israel gjekk undan for han og tok ei onnor leid.

22  So tok dei ut ifrå Kades, og Israels-borni, heile lyden, kom til Hor-fjellet.

23  Og der, ved Hor-fjellet, i landskilet åt Edom, sa Herren til Moses og Aron:

24  No skal Aron fara til federne sine. De var ulydige mot meg ved Meriba-vatnet; difor skal han ikkje koma inn i det landet eg hev gjeve Israels-borni.

25  Hav Aron og Eleasar, son hans, med deg upp på Hor-fjellet;

26  og tak av Aron presteklædi og hav dei på Eleasar, son hans! So skal Aron fara til federne sine og døy der.

27  Moses gjorde som Herren hadde sagt, og dei steig upp på Hor-fjellet for augo åt heile lyden,

28  og Moses tok av Aron presteklædi og hadde dei på Eleasar, son hans. So døydde Aron der uppå høgste fjellet, og då Moses og Eleasar kom ned av fjellet,

29  og folket såg at Aron var burte, då syrgde alle Israels-ættene yver han i tretti dagar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23