«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 2

1  Og Herren tala til Moses og Aron og sa:

2  Israels-borni skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ætte-hermerke.

3  På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, under fana si. Hovdingen yver Juda-borni er Nahson, son åt Amminadab;

4  og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann.

5  Jamsides med dei skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-borni er Netanel, son åt Suar;

6  og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og femti tusund og fire hundrad mann.

7  Like eins Sebulons-ætti. Hovdingen yver Sebulons-borni er Eliab, son åt Helon;

8  og flokken hans, dei som er mynstra, er sju og femti tusund og fire hundrad mann.

9  Heile hermakti som er mynstra i Juda-lægret, er hundrad og seks og åtti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi når de tek ut.

10  På sudsida skal Rubens-heren lægra seg under fana si, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-borni er Elisur, son åt Sede'ur;

11  og flokken hans, dei som er mynstra, er seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.

12  Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-borni er Selumiel, son åt Surisaddai;

13  og flokken hans, dei som er mynstra, er ni og femti tusund og tri hundrad mann.

14  Like eins Gads-ætti. Hovdingen yver Gads-borni er Eljasaf, son åt Re'uel;

15  og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.

16  Heile hermakti som er mynstra i Rubens-lægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi når de tek på vegen.

17  Møtetjeldet og Levi-lægret skal vera midt imillom lægri kvar gong de tek ut; som dei hev lægra seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana.

18  På vestsida skal Efra'ims-heren lægra seg under fana si, flokk i flokk. Hovdingen yver Efra'ims-borni er Elisama, son åt Ammihud;

19  og flokken hans, dei som er mynstra, er fyrti tusund og fem hundrad mann.

20  Jamsides med dei skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-borni er Gamliel, son åt Pedasur;

21  og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.

22  Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-borni er Abidan, son åt Gideoni;

23  og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og tretti tusund og fire hundrad mann.

24  Heile hermakti som er mynstra i Efra'ims-lægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi so ofte de fer av stad.

25  Mot nord skal Dans-heren lægra seg under fana si, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-borni er Akieser, son åt Ammisaddai;

26  og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.

27  Jamsides med dei skal Asers-ætti liggja. Hovdingen yver Asers-borni er Pagiel, son åt Okran;

28  og flokken hans, dei som er mynstra, er ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.

29  Like eins Naftali-ætti. Hovdingen yver Naftali-borni er Akira, son åt Enan;

30  og flokken hans, dei som er mynstra, er tri og femti tusund og fire hundrad mann.

31  Heile hermakti som er mynstra i Dans-lægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi under fanone sine kvar gong de tek i veg.

32  Dette var dei av Israels-borni som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk.

33  Men Levitane vart ikkje mynstra saman med hine Israels-borni; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera.

34  Og Israels-borni gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt Moses fyre; soleis lægra dei seg under fanone sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23