«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 18

1  So sa Herren til Aron: Du og sønene dine og heile farsætti di skal bera skuldi for sunder mot heilagdomen, og du og sønene dine skal bera skuldi for synder mot presteembetet dykkar.

2  Og brørne dine, Levi-ætti, farsætti di, skal du hava med deg. Dei skal halda seg attmed deg og ganga deg til handa når du og sønene dine stend framfyre vitnemålstjeldet.

3  Og dei skal gjera det som du set dei til å gjera, og alt det som skal gjerast i heil tjeldet; berre dei heilage tingi* og altaret må dei ikkje koma innåt; for gjer dei det lyt dei døy, både dei og de.

4  Dei skal halda seg attmed deg og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet; men ingen framand må koma innåt dykk.

5  Men de lyt gjera alt som skal gjerast i sjølve heilagdomen og innmed altaret, so det ikkje tidare skal koma vreide yver Israels-borni.

6  For det er eg som hev kåra ut levitane, brørne dykkar, millom Israels-borni; dei er ei gåva til dykk, gjevne til Herren, so dei skal gjera det arbeidet som trengst i møtetjeldet.

7  Men du og sønene dine skal styra presteembetet og hava umsut for alt som høyrer til altaret og for det som er innanfor forhenget, og greida tenesta. Eg gjev dykk prestetenesta dykkar i gåva; men kjem ein framand innåt, skal han lata livet.

8  Og Herren sa til Aron: Sjå, eg gjev deg det som skal gøymast av reidone mine; alle dei heilage gåvone frå Israels-borni, dei gjev eg deg og sønene dine; det skal vera dykkar lut og rett i all framtid.

9  Høyr no kva det er du skal hava av dei høgheilage gåvone, når det som skal brennast, er teke undan: Alt det dei ber fram av matoffer og syndoffer og skuldoffer som dei gjev meg i bot, det er høgheilagt og skal høyra deg og sønene dine til.

10  På den høgheilage staden skal du eta det; alle karar kann eta av det; heilagt skal det vera for deg.

11  Like eins skal du hava dei gåvone som dei gjev i reidor; alt det Israels-borni svingar for Herrens åsyn, gjev eg deg og sønene og døtterne dine; det skal de hava retten til i all framtid; alle i huset ditt som er reine kann eta av det.

12  Alt det beste av oljen og av druvesafti og kornet, det fyrste dei avlar av det, det som dei skal gjeva Herren, det gjev eg deg.

13  Dei fyrste mogna fruktene av alt som veks i landet deira, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine; alle i huset ditt som er reine, kann eta dei.

14  Alt som er vigsla i Israel, skal høyra deg til.

15  Alt som kjem fyrst frå morsliv, alt levande som dei ber fram for Herren, anten det er folk eller fe, skal vera ditt; men det som er frumbore av folk, skal du lata dei løysa, og det som er frumbore av ureine dyr, kann og løysast.

16  Løysepengane for ein svein skal leggjast etter han hev fyllt ein månad, og svara til det verdet som du set: fem sylvsekel i heilag mynt, etter tjuge gera i sekelen.

17  Frumsungar av kyr eller sauer eller geiter må ikkje løysast; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; det skal vera eit eldoffer til godange for Herren.

18  Kjøtet skal du hava; liksom svingebringa og det høgre låret skal det høyra deg til.

19  Alle heilage reidor som Israels-borni skal koma til Herren med, gjev eg deg og sønene og døtterne dine; det skal de hava retten til for alle tider. Dette er ei æveleg saltpakt* for deg og etterkomarane dine for Herrens åsyn.

20  Og Herren sa til Aron: Du fær ingi jordeign i landet deira og ingen lut millom dei; eg skal vera din lut og di eiga millom Israels-borni.

21  Men all tiend i Israel gjev eg Levi-borni til eigedom for arbeidet deira, det arbeidet dei gjer i møtetjeldet.

22  Og dei hine Israels-borni skal ikkje meir koma innåt møtetjeldet; for då fører dei synd yver seg og lyt døy.

23  Levitane åleine skal greida tenesta i møtetjeldet, og dei skal bera skuldi for syndene åt folket; det skal vera ei æveleg lov, frå ætt til ætt. Dei skal ingi jordeign hava millom Israels-borni.

24  For tiendi som Israels-borni skal koma til Herren med, gjev eg levitane; den skal vera deira eigedom; difor er det eg hev sagt at dei ingi jordeign skal hava millom Israels-borni.

25  Og Herren tala til Moses og sa:

26  Du skal tala til levitane og segja til dei: Når de tek imot tiendi som eg hev sagt at de skal få til eigedom av Israels-borni, so skal de gjeva Herren ei reida av det - tiend av tiendi.

27  Og reida dykkar skal reknast for jamgod med det kornet dei andre ber fram frå treskjestaden, og den vinen dei kjem med frå persa.

28  På den måten skal de og gjeva Herren reida av all tiendi de fær hjå Israels-borni, og den reida de hev etla åt Herren, skal de gjeva Aron, presten.

29  Av alle gåvor de fær, skal de gjeva Herren heile den reida han skal hava, og det de vigjer til han, lyt all tid vera av det beste.

30  Og du skal segja til dei: Når de hev ofra det beste av det, so skal det for levitane reknast likt med det som kjem inn ifrå treskjestaden og ifrå vinpersa.

31  De kann eta det kvar de vil, både de og folket dykkar; for det er løni de skal hava for arbeidet i møtetjeldet.

32  Når de berre gjev frå dykk det beste, kjem de ikkje til å føre synd yver dykk, og då vanhelgar de ikkje dei heilage gåvone frå Israels-borni og skal ikkje lata livet.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23