«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 17

1  Då tala Herren til Moses og sa:

2  Tala til Israels-borni, og få tolv stavar av dei, ein for kvar ætt; av kvar ættehovding skal du få ein stav, og på den skal du skriva namnet hans.

3  Og Arons namn skal du skriva på staven åt Levi; for det skal vera ein stav for kvar ættehovding.

4  So skal du leggja stavane i møtetjeldet, framfyre vitnemålet, der som eg er van å møtast med dykk.

5  Då skal han grønkast, staven åt den eg vel ut; so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plagar dykk med.

6  So tala Moses til Israels-borni, og hovdingane gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom dei var staven hans Aron.

7  Og Moses la stavane ned framfor Herrens åsyn i vitnemålstjeldet.

8  Då han so andre dagen kom inn i vitnemålstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast og skote knuppar og sett blom og fenge mandlar.

9  Då tok han alle stavane og bar dei ut or heilagdomen og synte dei åt alle Israels-borni, og då dei hadde set dei, tok kvar sin stav.

10  Og Herren sa til Moses: Ber Arons stav inn att og legg han fram med vitnemålet! Der skal han gøymast til eit teikn for dei ulydige; og du skal gjera ende på mukkingi deira, so eg slepp å høyra på henne; elles lyt dei døy.

11  Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt han fyre, so gjorde han.

12  Men Israels-borni sa til Moses: Sjå, no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman!

13  Kjem nokon innåt - innåt Herrens tabernakel - so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23