Fjerde Mosebok 15
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de kjem inn i det landet de skal bu og byggja i, det som eg vil gjeva dykk,
3 og de ofrar eldoffer til Herren - brennoffer eller slaktoffer av storfe eller småfe til godange for Herren - anten det er ein lovnad de vil løysa, eller det er eit friviljugt offer eller eit høgtidsoffer,
4 so skal den som ber offeret sitt fram for Herren, koma med eit matoffer, og det skal vera tiandeparten av ein efa mjøl, blanda med fjordeparten av ein hin olje,
5 og til drykkoffer skal du gjeva fjordeparten av ein hin vin attåt brennofferet eller slaktofferet, dersom det er eit lamb;
6 er det ein ver, so skal du til matoffer gjeva tvo tiandepartar av ein efa fint mjøl, blanda med tridjeparten av ein hin olje,
7 og til drykkoffer skal du bera fram tridjeparten av ein hin vin; då er det eit offer som angar godt for Herren.
8 Ofrar du ein ung ukse til brennoffer eller slaktoffer, anten det er ein lovnad du vil løysa, eller eit takkoffer til Herren,
9 so skal du attåt uksen bera fram tri tiandepartar av ein efa fint mjøl, blanda med ein halv hin olje, til matoffer,
10 og til drykkoffer ein halv hin vin; då er det eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
11 Soleis skal de gjera for kvar ukse eller ver og for kvart lamb eller kje
12 de ofrar, anten offerdyri er få eller mange.
13 Alle som er fødde og borne i landet, skal gjera so som eg hev sagt, når dei vil bera fram eit eldoffer til godange for Herren.
14 Er det nokon framand som held til hjå dykk, eller som bur fast millom dykk, og vil bera fram eit eldoffer til godange for Herren, so skal han gjera like eins som de.
15 Det gjeld same lovi for heile lyden, for dykk sjølve so vel som for dei framande som held til hjå dykk - ei æveleg lov, frå ætt til ætt; for Herrens åsyn gjeld det same for den framande som for dykk sjølve.
16 Ei lov og ein rett skal vera for dykk og for dei framande som held til hjå dykk.
17 Og Herren tala til Moses og sa:
18 Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil føra dykk til,
19 og et av det brødet som landet gjev, so skal de koma med ei reida til Herren.
20 Av det fyrste av deigen dykkar skal de bera fram ei kaka til reida, liksom de ber fram reida frå treskjestanden.
21 Av det fyrste av deigen dykkar skal de all tid gjeva Herren ei reida, ætt etter ætt.
22 Fer de i mist og gløymer noko av dei bodi som Herren hev gjeve Moses,
23 og som Moses hev kunngjort for dykk frå den dagen Herren gav bodet, og seinare fram igjenom alle ætter,
24 og det er uviljande gjort og lyden uvitande, so skal heile lyden bera fram ein ung ukse til brennoffer og godange for Herren, med matoffer og drykkoffer som til høyrer, soleis som det er fyresagt, og ein geitebukk til syndoffer,
25 og presten skal gjera soning for heile Israels-lyden; då skal dei få tilgjeving, etter di det var uviljande gjort, og dei hev kome fram for Herrens åsyn med offergåva si, eit eldoffer til Herren, og bore fram syndoffer til bot for si misferd.
26 Både heile Israels-lyden og dei framande som held til hjå dei, skal få tilgjeving; for heile folket hadde misfare seg uviljande.
27 Når ein einskildmann syndar uviljande, so skal han bera fram ei årsgamal geit til syndoffer.
28 Og presten skal gjera soning for Herrens åsyn for den som uviljande hev misfare seg og synda, so han kann få tilgjeving når soningi for han er fullførd.
29 Det skal vera same lovi for dei som er fødd og boren millom Israels-borni, og for den framande som held til hjå dei; ho gjeld for dykk alle når de uviljande gjer noko gale.
30 Men den som gjer noko gale med upplyft hand*, anten det er eit heimemenneske eller ein framand, han heder Herren og skal rydjast ut or folket sitt;
31 for han hev vanvyrdt Herrens ord og brote bodet hans. Den mannen skal rydjast ut; han skal lida for brotet sitt.
32 Medan Israels-borni var i øydemarki, råka dei ein gong ein mann som sanka ved ein sabbatsdag.
33 Dei som kom yver han medan han sanka veden, førde han fram for Moses og Aron og heile lyden.
34 Og dei sette han fast; for det var ikkje gjeve noko serskilt bod um kva som skulde gjerast med han.
35 Då sa Herren til Moses: Mannen skal lata livet; heile lyden skal steina han utanfor lægret.
36 So førde heile lyden han ut til ein stad utanfor lægret og steina han i hel, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
37 Og Herren sa til Moses;
38 Tala til Israels-borni og seg til dei at dei skal gjera seg duskar og hava i snippane på klædi sine, både dei og etterkomarane deira, og i kvar dusk skal dei setja ei blå snor.
39 Svorne duskar skal de hava, so de, når de ser på dei, skal minnast alle Herrens bod og halda dykk etter dei, so de ikkje fer hit og dit etter som augo og hjarta segjer dykk til; for dei lokkar dykk til utruskap.
40 Det er so de skal koma i hug alle bodi mine og halda dei og vera heilage for dykkar Gud.
41 Eg er Herren dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptar-landet og vil vera dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.