Fjerde Mosebok 12
1 Ein gong tala Mirjam og Aron ille um Moses for den etiopkvinna skuld som han hadde teke til kona - for han hadde gift seg med ei etiopisk kvinna -
2 og dei sa: Er det berre Moses Herren hev tala med? Hev han ikkje tala med oss og? Og Herren høyrde det.
3 No var Moses ein mild og tolug mann, mildare enn alle menneske på jordi.
4 Men Herren sa brått til Moses og til Aron og til Mirjam: Gakk ut til møtetjeldet alle tri! So gjekk dei dit alle tri.
5 Og Herren kom ned i ein skystopul og stod i tjelddøri og ropa på Aron og Mirjam. Då gjekk dei ut båe tvo.
6 Og han sa: Lyd no etter ordi mine: Er det ein profet som de, so ter eg, Herren, meg for han i syner og talar med han i draumar.
7 Men so er det ikkje med Moses, tenaren min; han er tru i heile mitt hus.
8 Munn til munn talar eg med han, klårt og ikkje i gåtor, og han fær sjå Herrens skapnad. Korleis kunde de då våga å tala ille um Moses, tenaren min?
9 Og Herrens vreide loga upp imot dei, og han for burt.
10 Då skyi kvarv burt frå tjeldet, då var Mirjam spillsjuk og kvit som snø; med same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var spillsjuk.
11 Då sa han til Moses: Gode herre bror! Lat oss ikkje lida for ei synd me hev gjort i vår dårskap!
12 Lat henne ikkje vera som eit daudt foster, som er halvrote når det kjem ut or morslivet!
13 Då ropa Moses til Herren og sa: Å Gud, gjer henne god att!
14 Og Herren sa til Moses: Hadde far hennar sputta henne i andletet, laut ho då ikkje sitja med skam i sju dagar? No skal de stengja henne inne utanfor lægret i sju dagar, so kann dei taka henne inn att.
15 So heldt dei Mirjam innestengd utanfor lægret i sju dagar, og folket tok ikkje av stad fyrr dei hadde teke henne inn att.
16 Sidan tok folket ut frå Haserot og slo læger i Paran-øydemarki.