«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 11

1  Det var ein gong folket klaga seg, og Herren mislika det; for då Herren høyrde det, vart han harm, og elden hans slo ned millom dei og herja i den eine enden av lægret.

2  Då ropa folket på Moses, og Moses bad til Herren; so slokna elden av.

3  Sidan kalla han den stade Tabera* av di Herrens eld slo ned millom dei.

4  Men den ihoprekne mugen som var med dei, fyste etter annan kost; då for Israels-borni og til å jamra seg att og sa: Å, gjev me hadde kjøt å eta!

5  Me kjem i hug fisken som me fekk kostelaust i Egyptar-land, og graskari og melonane og purren og raudlauken og kvitlauken;

6  men no turkar me reint upp, for her finst ingen ting; me ser ikkje anna for augo enn manna.

7  Manna var likt korianderfrø og såg ut som bdellium.

8  Folket for utyver og sanka det og mol det på handkvern eller støytte det sund i mortel. Sidan koka dei det i gryta eller laga kakor av det; då smaka det som oljekaka.

9  Når doggi fall ned yver lægri um natti, fylgde det manna med.

10  Då Moses høyrde gråt frå kvart einaste hus og såg at Herren var fælande harm, tykte han det var ilt

11  og sa til Herren: Kvi hev du fare so hardt med tenaren din, og kvi hev du ingen godhug for meg, sidan du hev lagt på meg slik ei byrd som å syta for heile dette folket?

12  Hev då eg gjeve dei livet eller sett dei inn i verdi, sidan du segjer at eg skal halda dei på armen, som barnfostren held sugebarnet, og bera dei fram til det landet du hev lova federne deira?

13  Kvar skal eg taka kjøt frå til heile dette folket? For dei heng yver meg med gråt og segjer: Gjev oss kjøt so me får eta!

14  Ikkje kann eg åleine syta for heile dette folket; det er meir enn eg orkar.

15  Vil du fara so med meg, so drep meg heller med ein gong, so sant du hev godhug for meg, og lat meg sleppa sjå mi eigi ulukka.

16  Då sa Herren til Moses: Kalla meg i hop sytti av dei gjævaste menner i Israel, dei som du veit er dei gjævaste millom folket og tilsynsmenner for dei! Tak dei so med deg til møtetjeldet og lat dei standa det hjå deg,

17  so vil eg koma ned og tala med deg der, og eg vil lata dei og få av den åndi som er yver deg, so dei kann hjelpa deg og bera all den tyngsla du hev av folket, og du ikkje tarv bera henne åleine.

18  Og til folket skal du segja: Helga dykk til i morgon, so skal de få kjøt å eta, etter di de jamra dykk for Herren og sa: Å gjev me hadde kjøt å eta! For i Egyptar-land hadde me det godt. No vil Herren gjeva dykk kjøt som de skal eta av,

19  og det ikkje ein dag, eller tvo eller fem eller ti eller tjuge dagar,

20  men ein heil månad, til de ikkje toler lukti av det lenger, og det byd dykk imot, for di de mismætte Herren som er midt imillom dykk, og jamra dykk for hans åsyn og sa: Kvi for me då frå Egyptar-land?

21  Moses svara: Seks hundrad tusund mann til fots er det folket som eg fylgjest med, og du segjer at du vil gjeva dei kjøt so dei hev mat for ein heil månad!

22  Skal me slakta so mange sauer og naut at det rekk til for det, eller skal all fisken i havet sankast i hop åt dei, so dei fær nok?

23  Då sa Herren til Moses: Er Herrens arm for stutt? No skal du få sjå um det gjeng deg som eg hev sagt, eller ikkje.

24  So gjekk Moses ut og kunngjorde Herrens ord for folket, og han kalla saman sytti av dei gjævaste mennene i lyden og bad dei standa rundt ikring møtetjeldet.

25  Då kom Herren ned i skyi og tala til Moses og læt dei sytti gjæve mennene få av den åndi som var yver han. Då hende det at med same åndi let seg ned yver dei, tala dei profetord, men sidan gjorde dei det ikkje meir.

26  Det var tvo menner som hadde vorte att i lægret; den eine heitte Eldad og den andre Medad. På dei let åndi seg og ned; for dei høyrde til dei som var uppskrivne, men dei hadde ikkje gjenge ut til tjeldet, og no tala dei profetord i lægret.

27  Og ein svein sprang til Moses med bod og sa: Eldad og Medad talar profetord i lægret.

28  Då tok Josva Nunsson frami, han som hadde vore fylgjesveinen åt Moses alt ifrå ungdomen, og sa: Herre Moses, forbyd dei dette!

29  Moses sa til han: Er du åbru for mi skuld? Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren vilde leggja sin Ande på dei!

30  Då Moses vel var komen attende til lægret saman med Israels hovdingar,

31  so sende Herren ein storm som sende enghønor inn ifrå havet og støytte dei ned yver lægret og markene rundt ikring, so vidt som ei dagsleid i firkant og um lag tvo alner yver marki.

32  Då stod folket upp og gjekk heile dagen og heile natti og heile den andre dagen og samla enghønone inn; ingen sanka mindre enn ti homer, og dei breidde dei utyver rundt ikring lægret.

33  Medan dei endå hadde kjøtet millom tennene, fyrr det var uppete, loga Herrens vreide upp imot folket, og han sende ein øgjeleg manndaude yver dei.

34  Difor kalla dei den staden Kibrot-Hatta'ava*; for det vart dei jorda dei som hadde vore so fysne.

35  Frå Kibrot-Hatta'ava for folket til Haserot, og der vart dei verande ei tid.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23